Svartfotalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartfotalbatross

Status i verda: EN Sterkt truga

Svartfotalbatross på Sand Island, Midway-atollenFoto: James Lloyd
Svartfotalbatross på Sand Island, Midway-atollen
Foto: James Lloyd

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Phoebastria
Art: P. nigripes
Vitskapleg namn
Phoebastria nigripes
Audubon, 1839

Svartfotalbatross, Phoebastria nigripes, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien Diomedeidae som lever i det nordlege Stillehavet. Han er den eine av dei tre albatrossartane som har leveområde på den nordlege halvkula, og han hekkar på isolerte tropiske øyar. I motsetnad til mange andre albatrossartar har denne arten ei mørk fjørdrakt.

Taksonomi og morfologi[endre | endre wikiteksten]

Svartfotalbatrossar på Midway-atollen,
Foto: Forest & Kim Starr

Svartfotalbatrossar er ein stor sjøfugl plassert i den biologiske familien Diomedeidae innan ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Som dei tre andre artane i slekta Phoebastria, er svartfotalbatrossar monotypiske, det er ikkje skildra underartar av han.[1] Andre familiar av stormfuglar er eigentlege stormfuglar med lirer, petrellar og havhestar, samt familiane stormsvaler og dukkpetrellar. Stormfuglar deler visse karakteristiske morfologiske eigenskapar. Først har dei nasegangane som er festa til oversida av nebbet i ein naseborkanal, kalla naricorn på engelsk, jamvel om albatrossane har desse på sidene av nebbet. Stormfuglnebba er òg unike i at dei er bygd opp av mellom 7 og 9 hornplater. Til slutt, stormfuglar produserer ei mageolje med voksesterar og triglyserider som er lagra i proventriculus. Dette blir brukt mot rovdyr og er dessutan ei energirik, lagra matkjelde for ungar og for dei vaksne på lange flygeturar.[2] Dei har òg ein saltkjertel som ligg ovanfor naseborkanalen og som hjelper til å avsalte kroppen, på grunn av den høge mengda havvatn som dei absorberer. Organet skil ut ei saltoppløysing gjennom nasen deira.[3]

Den spesifikke vitskaplege namnet nigripes er sett saman av to latinske ord, niger tyder svart, og pesar tyder føter.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartfotalbatrossen er ein liten medlem av familien, men stor i tilhøve til dei fleste andre sjøfuglar, og han har nesten heilsvart fjørdrakt. Nokre vaksne viser kvite underdekkfjører i halen, og alle vaksne har kvite teikningar rundt nebbrota og under auga. Når fuglane eldest, vil dei få meir kvit på undersida av nebbet.[5][6] Både nebb og føter er òg mørke. Dei har berre ein fjørdrakt.[5][7] Dei måler 71-91 cm i lengd[8], har eit vengespenn på 190-220 cm,[6][9][10] og kan vege mellom 2,5 og 4,5 kg.[11] Gjennomsnittvekta for hannar ligg på 3,4 kg, dei er større enn hoene som veg 3,0 kg i gjennomsnitt.[5]

Svartfotalbatrossen lever pelagisk, han tar fisk, mest egga til flygefisk, dessutan blekksprut og i mindre grad krepsdyr. Dei vil òg sluke flytande avfall, inkludert plast.[6][8]

Lætet varierer frå skrik og kvin, når dei slåst om maten, til nebbklapping, fløyting, stønning,[7] og kvekking under kurtise.[6]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Svartfotalbatross, saman med laysanalbatross (Phoebastria immutabilis) og den sjeldne gulhovudalbatross (Phoebastria albatrus), er dei tre albatrossartane som har utbreiing på den nordlege halvkula, i motsetnad til resten av familien som lever sør for ekvator. Det er minst 12 kjende hekkestader. Dei hekkar i koloniar på isolerte øyar innenfor Dei nordvestre Hawaii-øyane, frå Kure-atollen til Kaʻula, inkludert Midwayatollen,[12] på dei japanske øyane Tori-shima, Ogasawara og Senkakuøyane, og på øyar utanfor den meksikanske kysten, primært på Guadalupe-øya.[8]

Utbreiinga til havs varierer gjennom sesongane, og utanom hekkesesongen reiser dei lengst, og dei gjer bruk av store område i det nordlege Stillehavet, beitar i området mellom Alaska, California og Japan, men dei føretrekkjer det nordaustlege Stillehavet.[8] Alle dei tre nemnte Phoebastria-artane overlappar kvarandre sterkt i utbreiing både for hekking og beiting, men dei to andre artane vil i større grad vandre vidare nordover og inn i Beringhavet enn svartfotalbatrossane. Ved einskilde høve har svartfotalbatrossane vore sett på den sørlege halvkula.[8]

Kurtise og hekking[endre | endre wikiteksten]

Svartfotalbatross, dansing - kurtisering
Foto: Brocken Inaglory

Svartfotalbatrossar, som resten av familien, dannar livslange parband. Etter at ungane blir flygedyktige held dei seg til havs i tre år før dei kjem tilbake til kolonien, og nyttar så to år på å etablere reirplass og parband, å danse for og vere saman med potensielle partnarar, ei åtferd som sannsynlegvis er utvikla til å sikre maksimal tillit mellom eit fuglepar. Dei etablerer parband gjennom ein lang kurtiseperiode, ettersom det å oppfostre ein albatrossunge er eit massiv energisk investering. Dei vil byrje å reprodusere etter ca. sju år.[6]

Reiret er ei enkel skrape eller grope i sanden,[8] der hoa legg eitt skittenkvitt egg med raudbrune flekker.[6][7] Egga blir ruga i ca. 65 dagar. Begge fuglane tar del i ruginga, hannen rugar mest ettersom hoa forlèt straks etter klekking å hente inn reservar som blei brukt til egglegginga. Den gjennomsnittlege perioden for kvart rugeskift er 18 dagar. Likevel kan ein make vente opptil 38 dagar for å bli avløyst, og viss noko skjer med maken har ein registrert samanhengjande ruging i 49 dagar utan mat eller vatn.

Ungen får varme av foreldra dei første 20 dagane, begge foreldra forlèt reiret på skift for å søkje mat til ungen. Ungen får oppgulpa mat ved å stikke nebbet inn i halsen på ein forelder. Først etter ca. 140 dagar er ungen flygedyktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updateindex/23aug2011overview/, henta 9. april 2012 
  2. Double, M. C. (2003). «Procellariiformes (Tubenosed Seabirds)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 107–111. ISBN 0 7876 5784 0. 
  3. Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First ed.). New York, NY: Simon & Schuster. ss. 29–31. ISBN 0 671 65989 8. 
  4. Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 191. ISBN 0 8160 3377 3. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Floyd, Ted (2008). «Tubenoses: Albatrosses, Shearwaters & Petrels, and Storm-petrels». I Hess, Paul; Scott, George. Smithsonian Field Guide to the Birds of North America (First ed.). New York, NY: HarperCollins Publishers. s. 81. ISBN 978 0 06 112040 4. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Udvarty, Miklos, D. F.; Farrand Jr., John. Locke, Edie. ed. National Audubon Society Field Guide to North American Birds. National Audubon Field Guide Series. Birds (Western Region) (First ed.). New York, NY: Alfred A. Knopf. ss. 357–358. ISBN 0 679 42851 8. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Peterson, Roger T. (1961) [1941]. «Albatrosses :Diomedeidae». A Field Guide to Western Birds. Peterson Field Guide. 2 (Second ed.). Boston, MA: Houghton Mifflin. ss. 8. ISBN 0 395 13692. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 BirdLife International (2012). «Black-footed Albatross - BirdLife Species Factsheet». Data Zone. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=3957&m=0. Henta 9 april 2012. 
  9. Western Pacific Regional Fishery Management Council , frå Proceesings of the Secord International Fishers Forum
  10. Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathan (2006). «Albatrosses». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth ed.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 78. ISBN 978 0 7922 5314 3. 
  11. Brooke, Michael, Albatrosses and Petrels across the World (Bird Families of the World). Oxford University Press (2004), ISBN 978-0-19-850125-1
  12. American Ornithologists' Union (1998) [1983] «Procellariiformes: Diomedeidae: Albatrosses» (PDF) Check-list of North American Birds (7th ed.) Washington, D.C.: American Ornithologists' Union . ss. 11–12 . ISBN 1-891276-00-X 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]