Svartisen kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartisen kraftverk
Foto: PeltonMan
Reguleringsfelt for Svartisen kraftverk

Svartisen kraftverk er eit vasskraftverk inst i Holandsfjorden i Meløy kommune i Nordland fylke. Eigar er Statkraft med 70% og Nordland Fylkeskommune med 30%.

Kraftverket vart sett i drift i 1993. Storglomvatnet var ferdig oppdemt i 1998, og er magasin for kraftverket. Vatnet er regulert mellom 585 og 460 moh. Magasinkapasiteten er på 3,5 milliardar kubikkmeter vatn. Kraftverket får òg delar av vatnet som tidlegare vart ført mot Glomfjord kraftverk, som deretter fekk redusert produksjon. I tillegg vert det henta vatn inn frå eit stort «takrennesystem» ikring fjellområdet. Kraftverket ligg ved Svartisen, og smeltevatn frå breen er viktig for drifta av kraftverket.

Kraftverket har ein francisturbin på 350 MW frå då verket vart sett i gang, og eit nytt aggregat på 250 MW vart installert i 2012. Svartisen kraftverk vart då det største kraftverket nordafjells. Årsproduksjonen er på 2200 GWh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]