Svartjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartjord (av russisk чернозём, tsjernoziom, som tyder «svartjord») er eit jordsmonn som ein finn på steppene nord og aust for Svartehavet, danna av løss. Det finst òg i Mellom- og Søraust-Europa, og prærien i Nord-Amerika og pampasen i Sør-Amerika har liknande jordtypar. Ein stor del av kveiteproduksjonen i verda føregår på slik jord som er av dei mest fruktbare i verda.
I Noreg vart omgrepet svartjord tidlegare nytta om jord som er utvikla av alunskifer og anna svart leirskifer.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- svartjord. (06.03.2012) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/svartjord