Svartkronestylteløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartkronestylteløpar
Vaksen hofugl i Morro Creek, California Foto: Mike Baird
Vaksen hofugl i Morro Creek, California
Foto: Mike Baird
Utbreiing
Utbreiinga av Svartkronestylteløpar
Utbreiinga av Svartkronestylteløpar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Avosettfamilien Recurvirostridae
Slekt: Stylteløparar Himantopus
Art: Svartkronestylteløpar H. mexicanus
Vitskapleg namn
Himantopus mexicanus

Svartkronestylteløpar (Himantopus mexicanus) er medlem av avosettfamilien og ein vanleg vadefugl i våtmarker og kyststrøk i delar av Amerika. Utbreiinga er kystområda i California gjennom mykje av innlandet i vestlege USA og langs Mexicogolfen så langt aust som Florida, og deretter sørover gjennom Sentral-Amerika og Karibia til nordvestre Brasil og sørvestre Peru, austlege Ecuador og Galapagosøyane. Den nordlegaste populasjonen, særleg i innlandet, er typiske trekkfuglar som overvintrar frå heilt sør i USA til sørlege Mexico, sjeldan så langt sør som Costa Rica, på halvøya Baja California er han berre funne regelmessig om vinteren.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne har lange rosa bein og eit langt, tynnt, svart nebb. Dei er kvite på underside og kroppside og har svarte venger og rygg. Halen er kvit med nokre grå striper. Ein samanhengande svart felt strekkjer seg frå ryggen langs nakken til hovudet. Der dannar han ei hette over heile hovudet frå toppen til like under høgd med auge med unntak av områda rundt nebbet og ein liten kvit flekk over auget. Hannar har ein grønleg glans på ryggen og vengene, spesielt i hekketida. Dette er mindre markert eller fråverande blant hoer, som har eit brun skjer i desse områda i staden. Elles ser kjønna like ut.[2]

Dunungar er lys oliven brune med langsgåande rader på oversida med svarte flekker, størst bakover, og i hovudsak der vaksne er svarte.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Svartkronestylteløparar lever i habitat i estuar, innsjøar, saltdammar og våtmarksområde, arten er generelt ein låglandsfugl, men i Mellom-Amerika har han vore observert i over 2500 moh. og han er ofte sett i Llanos i nordlege Sør-Amerika.[2] Dei kan òg trivast i våtmarker som er sesongmessig flauma over. Bruken av saltdammane har auka monaleg sidan 1960 i USA, og dette kan no vere det primære habitat for overvintring, og spesielt finst slike habitat i Sør-San Francisco Bay. Svartkronestylteløparar lever året rundt på Salton Sea.[3]

Hausttrekket av nordlege fuglar føregår frå juli til september, og dei kjem tilbake til hekkeområda mellom mars og mai. Vanlegvis kjem heile hekkebestanden til nokre av stadene, parar, rugar egga i ca. ein månad, og vernar og ungekullet til dei er i stand til å flyge innan 27-31 dagar. Så forlèt dei i flokkar på ca. 15 individ, nokre gonger vil juvenile samle seg i smågrupper og andre gonger samlast sysken i familiegrupper.[4][5] Det er òg sesongmessige fugletrekk blant tropiske populasjonar, men dette er ikkje langtrekkande og dårleg undersøkt.[2]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Svartkronestylteløpar søkjer føde i muddervatn

Svartkronestylteløparar søkjer og plukkar primært føda i mudderbankar og strandlinjer på innsjøar, men òg i svært grunt farvatn nær kysten. Dei kan ta ei rekkje ulike virvellause dyr - hovudsakleg krepsdyr og andre leddyr og blautdyr - og småfisk, rumpetroll og svært sjeldan frø. Basisen i kosten varierer i samsvar med tilgjenge; innlandsfuglar vil vanlegvis basere seg på vasslevande insekt og larvane deira, medan kystnære populasjonar for det meste et andre virvellause dyr. Dei føretrekkjer kystnære elvemunningar, saltdammar, innsjøstrender, saltsletter og jamvel oversumde jorder som næringsområde.[3] For søvn og kvile, vel denne fuglen saltsletter, gjerne oversumde, strandlinjer på innsjøar og øyar omgjeve av grunt vatn.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Denne stylteløparen vel hekkeplassar på mudderbankar, uttørka innsjøsedimentkantar, og dike, så lenge jordmassen er laus. Hekkinga skjer frå slutten av april til august i Nord-Amerika, med topp aktivitet i juni,[6] medan tropiske populasjonar vanlegvis hekkar etter regntida. Reira er vanlegvis plasserte innanfor ein kilometer frå ei matkjelde, para forsvarer ein omfattande omkrets rundt grupper av reirplassar, og samarbeider med nabopara om patruljering.[7] Avstanden mellom reira er ca. 20 meter, men nokre gonger så lite som 2 meter frå kvarandre og nokre reir i kolonien er så langt som 40 m frå næraste naboen. Svartkronestylteløparar er klassifiserte som halvkoloniale sidan reira sjeldan ligg einslege og koloniar vanlegvis har dusinvis, men sjeldan hundrevis av par.[8] Dei hekkar ofte ganske nær vasskanten, slik at tilhøva for egg eller ungar kan bli påverka av stigande vasstand i dammar eller tidvatn. Dette er spesielt ei fare i tilfelle av regulert vasstand som blir raskt endra.[2][9]

Kullstorleiken er vanlegvis 3-5 egg med eit gjennomsnitt på fire. Begge kjønna samarbeider om ruging i 22-26 dagar. Ungane er så utvikla ved klekking at dei kan symje innan to timar etter klekking[10] og er òg tidleg i stand til å springe fort. Trass den tidlege utviklinga vil ungen normalt gå tilbake til reiret for å kvile i ein eller to dagar etter klekking. Dei blir flygedyktige etter ca. ein månad, men er enno avhengig av foreldra i fleire veker. Fuglane byrjar å hekke eitt eller to år gamle.[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Svartkronestylteløpar på Hawaii, Himantopus mexicanus knudseni
Foto: USDA NRCS (public domain)

Spesielt nordamerikanske populasjonar av svartkronestylteløpar har minka noko på 1900-talet, hovudsakleg på grunn av menneskeleg påverking av habitat og forureining som påverkar både fuglane direkte og dessutan næringsgrunnlaget. Men sett under eit er bestanden sunn og vidt utbreidd. Derfor har IUCN klassifisert arten som livskraftig, LC.[11] Underarten på Hawaii, av nokre anerkjent som eit artstakson, er svært sjeldne med mindre enn 2000 individ.[2] Predasjon frå indisk mongu (Herpestes javanicus auropunctatus), introdusert for å jakte rotter, er mistenkt for å ha bidrege til tilbakegangen.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sibley, David Allen (2003): The Sibley Field Guide to Birds of North America. Alfred A. Knopf, New York
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Pierce, Ray J. (1996). «Black-winged Stilt.». I del Hoyo, J.; Elliot, A.; Sargatal J. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. s. 345. ISBN 84-87334-20-2. 
  3. 3,0 3,1 Garrett, K. & Dunn, J. (1981): Birds of Southern California. Los Angeles Audubon Society.
  4. Robinson, Julie A., J. Michael Reed, Joseph P. Skorupa and Lewis W. Oring. 1999. Black-necked Stilt (Himantopus mexicanus), The Birds of North America Online (A. Poole, Ed.). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; Retrieved from the Birds of North America Online: bna.birds.cornell.edu/bna/species/449
  5. Sordahl, T. A. 1980. Antipredator behavior and parental care in the American Avocet and Black-necked Stilt (Aves: Recurvirostridae). Phd Thesis. Utah State Univ. Logan.
  6. Bent, A.C. (1927): Life Histories of North American Shorebirds: Order Limicolae (Part I). Bulletin of the U.S. National Museum 142: 1-420.
  7. Hamilton, Robert Bruce (1975): Comparative Behavior of the American Avocet and the Black-necked Stilt (Recurvirostridae). Ornithological Monographs 17: 1-98. PDF fulltext Arkivert 2012-10-13 ved Wayback Machine.
  8. Zeiner, David C.; Laudenslayer, William F. & Meyer, Kenneth E. (eds.) (1988): California Wildlife (Vol.2, Birds). California Department of Fish and Game.
  9. Rigney, M. & Rigney, T. (1981): A breeding bird survey of the south San Francisco Bay salt pond levee system. U.S. Department of the Interior, Fish and Wildlife Service, San Francisco Bay National Wildlife Refuge special report
  10. Harrison, Colin (1978): A field guide to the nests, eggs and nestlings of North American birds. W. Collins and Company, Cleveland, Ohio.
  11. BirdLife International (2012)
  12. Hays, Warren S.T. & Conant, Sheila (2007): Biology and Impacts of Pacific Island Invasive Species. 1. A Worldwide Review of Effects of the Small Indian Mongoose, Herpestes javanicus (Carnivora: Herpestidae). Pacific Science 61(1): 3-16. DOI:10.2984/1534-6188(2007)61[3:BAIOPI]2.0.CO;2 HTML abstract

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartkronestylteløpar