Svartmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartmeis

Parus ater 2 (Marek Szczepanek).jpg

Vitskapleg namn
Periparus ater
Utbreiing
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Paridae
Slekt: Periparus

Svartmeisa (Periparus ater) er ein liten fugl i meisefamilien som er vanleg i mesteparten av Europa og delar av Asia og Afrika. I Noreg finn me ho som oftast i barskog (særleg gran) nord til Saltdalen og Fausketraktane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartmeisa er ein liten fugl, som vert mellom 10 og 11,5 cm lang i vaksen alder. Hovudet, nakken og delar av brystet er svart, bortsett frå ein karakteristisk kvit flekk i bakhovudet og på sidene av andletet. Undersida er lys, og beina er blyfarga. Ungfuglen liknar foreldra.

Fuglen et frø og insekt, og hamstrar næring. Han er stand- og streiffugl, og opptrer nokre år i invasjonar.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Svartmeisegg

Svartmeisa er den einaste av meisene som vanlegvis hekkar i holrom på bakken eller i fjellsprekkar, men også i treholer og liknande. Det er hoa som byggjer reiret, som regel av mose, ull og hår. Ho legg 8-9 (7-11) kvite egg med raudbrune flekkar. Som regel får dei 1-(2) kull i april-mai og juli-august. Hannen rugar i 14-18 dagar og ungane si reirtid er 16-19 dagar.

Låt[endre | endre wikiteksten]

Svartmeisa lokkar tynt og fløytande m.a. «tuii, tuii si tuu» eller «stii!» Songen liknar litt på kjøttmeisa, men tonane er lysare, meir vemodsfylte: «ti-du-vii ti-du-vii, ti-vitt», eller med tydeleg s-lyd, «ti-vits ti-vits»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartmeis