Svartstrupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartstrupe


Svartstrupe
Svartstrupe

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Saxicola
Vitskapleg namn
Saxicola rubicola
Saxicola rubicola

Svartstrupe, Saxicola rubicola[1] eller Saxicola torquata[2] er ein liten fugl som tidlegare var klassifisert som ein medlem av trastefamilien Turdidae, men er no meir generelt akseptert å vere ein flugesnappar, Muscicapidae. Utbreiingsområdet er vestlege, sentrale og sørlege Europa til vestlege Tyrkia, dessutan lengst nordvest i Afrika. Mange andre tilsvarande små artar i familien blir ofte kalla '-skvettar'.

Svartstrupe er noko mindre enn raudstrupe. Begge kjønna har utprega korte venger, kortare enn dei meir trekkjande buskskvett og asiasvartstrupe. Sommardrakta til hannfuglen har svart overside, svart hovud, oransje hals og bryst, og lys underside. Han har òg kvite flekker på sidene av halsen, ein liten kvit lapp på skulderkammen på vengene, og ein svært liten kvit flekk på gumpen, ofte med svart i. Hofuglen har bleikare brun overside og hovud, og ingen kvite flekker hals, undergump eller buk, stripa desse områda vere mørk brun på bleikare brun, det einaste kvite er lappen på skulderkammen, og sjølv denne blir ofte brunkvit.

Svartstrupe hekkar i lyngheier, sanddynelandskap og på grov grasmark med spreidde småbuskar, tuer eller lyng. Dei er generelt ikkje-trekkfuglar eller trekkjer berre korte distansar, men ein del av bestanden trekkjer sørover i Europa og lengre inn i Nord-Afrika om vinteren.

Hannfuglen har kallerop med ein klikkelyd som liknar småsteinar slått mot kvarandre. Songen er høg og kvitrande som ein jernsporv.

To tvilsamt distinkte underartar er aksepterte: S. r. rubicola i sør og aust av utbreiingsområdet, og S. r. hibernans i vestlege og nordvestre Europa, spesielt atlanterhavskysten. Dei har neppe synleg ulikskap, men nDNA mikrosatelitt genetisk avtrykk røper ein viss grad av separasjon (Wink et al. 2002).

Det er nært slektskap mellom mange Saxicola-artar, fleire av følgjande artar liknar svartstrupe mykje i utsjånad:

Desse har saman med svartstrupe generelt vore sett på som same biologiske arten, spesielt dei to første i lista over og den noverande svartstrupe har vore sett på som svartstrupe, S. torquata (eng: 'Common Stonechat'). Ein ny gjennomgang av DNA-analysar (Urquhart & Bowley 2002, Wink eit al. 2002) stør sterkt separasjon av S. torquata til ulike artar. Splitten er dels reflektert i utgjevingar på norsk[1], dels ikkje[2], og er ikkje reflektert i artsskildringar på nettstaden til IUCN.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «European Stonechat» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2010, han nytta føljande referansar:
    • Urquhart, Ewan & Bowley, Adam (2002): Stonechats. A Guide to the Genus Saxicola. Christopher Helm, London. ISBN 0-7136-6024-4
    • Wink, M.; Sauer-Gürth, H. & Gwinner, E. (2002): Evolutionary relationships of stonechats and related species inferred from mitochondrial-DNA sequences and genomic fingerprinting, British Birds 95: 349-355. PDF dokument, uni-heidelberg.de


  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  • Svensson, Lars; P.J. Grant, Viggo Ree, Killian Mullarney, Dan Zetterström (2010). Gyldendals store fugleguide: Europas og middelhavsområdets fugler i felt. Oslo: Gyldendal. ISBN 978-82-05-39777-4.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Syvertsen et al
  2. 2,0 2,1 Svensson et al
  3. IOC-lista, nemner splitten som «under vurdering av BirdLife International» lest 19. september 2010