Svastika
Hakekrossen eller svastika er eit religiøst og politisk symbol det knyter seg mange kjensler til. Det er forma som eit plussteikn der kvar ende har ein strek som står i rett vinkel på han og går i same retning. Svastikaer kan òg vera meir avrunda, til og med som to S-ar som står rettvinkla på kvarandre. Det er òg vanleg å ha små prikkar inni kvart hjørne.
I Europa og USA forbind ein som regel hakekrossen med nazismen og særleg antisemittismen, fordi nazistane tok dette til sitt merke for å symbolisera at dei skulle bera «den ariske arva» vidare. I India og store delar av Asia er ulike variantar av svastikaen brukt som eit teikn for alt det gode: Gud, lykke, evig liv, eller sola. Symbolet har òg vore brukt i tidlegare samfunn i Egypt, Hellas og Mexico.
Historie [endre]
Svastikaen er eit eldgammalt symbol. Ein har funne fleire segl med svastikaer under utgravingar i Indusdalen, der ein kultur voks til for fem tusen år sidan. Frå den vediske religionen spreidde det seg til hinduismen, og var lenge eit solsymbol. Sidan har det fått andre tolkingar; ein har mellom anna likna det med den stadig skiftande verda som går rundt eitt fast punkt – Gud eller brahman.
I alle land som er prega av indiske religionar er svastikaen blitt svært populær. I India finn ein det utanpå hus, som eit lykkesymbol, utanpå hindutempel, som eit symbol på religion, og på flagget til delstaten Maharashtra. I Vietnam blir det brukt for å symbolisera evig liv og i Japan bruker ein det på kart på same måte som ein bruker krossar i kristne land – for å visa kor der er tempel.
Svastikaen har òg vore nytta som symbol i Skandinavia frå gamalt av. Til dømes er dette symbolet å sjå på ein kam av bein frå dei store myrfunna i Nydam i Slesvig, og i bileta på fleire av dei gullbrakteatane (små, sirkulære gullblekkbilete) frå jarnalderen som er funne i Skandinavia. I mellomalderen har svastikaen vore eit av dei teikna som vart nytta som bumerke.
|
|
||
|---|---|---|
| ahimsa · atman · dharma · karma · livshjulet · mandala · meditasjon · moksja/nirvana · reinkarnasjon · samadhi · svastika | ||