Svegde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svegde etter Sveigde (Sveigdir) var ein mytisk konge av Ynglingeætta, son av Fjolne og far til Vanlande. Han er omtala i Ynglingesoga og i Den eldste Noregshistoria.

Snorre Sturlason fortel at Svegde hadde svore ein eid på at han ville leite etter Godheim og gamle Odin. Difor reiste han ute med tolv mann i fem år, men for så heimatt til Svitjod og ekta ei kvinne frå Vanaheim, som var kalla Vana. Sonen deira var Vanlande. Sidan for Svegde utatt på leit etter Godheim. Ein kveld kom han til ein gard som heitte Stein, der det låg ein stein i tunet, stor som eit hus. Om kvelden var Svegde drukken, og mennene hans med. Då såg dei det sat ein dverg under steinen. Dvergen kalla på Svegde og sa at døra attom var vegen inn til Odin og Godheim. Svegde sprang inn i steinen, og steinen let seg att. Svegde vart aldri meir sett.

Ynglingatal fortel:

Svegde han sveik,
som i svali heldt vakt,
den dagrædde
for Durins ætt.
Inn i steinen
den storlynde
åsa-frenden
flaug etter dvergen,
og Sokmimes
sal den lysande,
av jotunar bygd,
vart gjevings grav.

Durin og Sokmime er dvergenamn, som og kan finnast i Dvergatal (ein lut av Voluspå). Dvergen vaktar her døra mellom denne verda og den neste (daudedøra).

Den eldste Noregshistoria fortel berre at Svegde følgde dvergen inn i eit berg, og seier beintfram at dette nok lyt takast for eit eventyr. Tilvisinga til Odin er elles tydeleg nok. Odin er og draugedrott (gud for dei daude).