Svein Flåtten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Flåtten (fødd 14. oktober 1944 i Andebu, Vestfold) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart valt inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2001.
Flåtten har handelsskule, økonomisk gymnas og 1. avd. juridicum, UiO 1980. Han har hatt ymse økonomiske og administrative stillingar i byggje- og anleggsindustrien frå 1966 til 1980. Frå 1980 har han vore eigar og dagleg leiar i Sveisemekanikk A/S, frå 1990 til 2001 eigar og arbeidande styreformann i Sandvik Mekaniske A/S 1990-2001.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–13: første nestleiar i næringskomiteen
- 2009–13: medlem i valkomiteen
- 2005–09: medlem i fullmaktskomiteen
- 2001–09: medlem i finanskomiteen
- 2001–09: varamedlem i valkomiteen