Svein Tjugeskjegg
Svein Tjugeskjegg (ca 960 – 3. februar 1014) var konge av Danmark ca 986-1014 og konge av England 1013-1014. Han hevda også overherredømme av Noreg 1000-1014, men mest i namnet då Noreg stort sett styrte seg sjølv. Han er òg kalla Svein Tveskjegg etter dansk Svend Tveskæg, eller Svend I av Danmark.
Svein etterfølgde far sin, kong Harald Blåtann, som konge av Danmark, sannsynlegvis mot slutten av 986 eller tidleg i 987. Kong Svein er den store vikingkongen i Danmark: han var med på å lokke norskekongen Olav Tryggvason i ei felle og drap han i raseri over at kong Olav hadde gått til sengs med søstera hans Tyra Haraldsdatter. Dette gjorde han som eit opprør mot sin eigen far og tok kongsmakta. I tillegg erobra han England, sjølv om han døydde berre fem veker seinare.
Han er mest kjent for å ha leia hæren som gjekk til åtak på England i 1013. «London bridge is falling down» fortel om da innbyggjarane av London brente brua over Themsen for å hindre framrykkinga til vikingane.
Han døydde 3. februar 1014 i grevskapet Lincoln i England, dødsårsaka skal ha vore slag. Ein veit ikkje når han blei født, men ein meiner at han var i femtiåra da han døydde. Han blei gravlagt i York Minster, men liket blei seinare flytta til Roskilde domkyrkje, der han i dag ligg på ein ukjent stad saman med faren Harald.
| Føregjengar Harald Blåtann |
Konge av Danmark 986–1014 |
Etterfylgjar Harald II |
| Føregjengar Adalråd II den rådville |
Konge av England 1013–1014 |
Etterfylgjar Adalråd II den rådville |