Svein Knutsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svein Knutsson eller Svein Alfivason styrde Noreg frå om lag 1030 til om lag 1035. Dansk namn: Svend. Leveår: om lag 1016 til 1035. Svein styrde Noreg på vegner av far sin, kong Knut den mektige av England og Danmark. Mor til Svein var den engelske frilla Alfiva, i røynda var mora den som styrde landet. Svein skal saman med mora ha styrt Noreg med hard hand. Dei vart etter kvart mislikte. Trygve Olavson, son av kong Olav I Tryggvason gjorde i 1033 åtak mot Noreg. Han kom frå England med ein hær av leigesoldatar for å ta Noreg attende. Trygve Olavsson fall i eit slag i Soknasundet i Ryfylke.

Svein og Alfiva vart drivne ut av landet i 1035.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Liste over norske regentar