Svein Molaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Molaug

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. desember 1914
Stavanger kommune
Død

27. februar 2007 (92 år)

Yrke arkeolog, kunsthistorikar

Svein Geirfinn Molaug (9. desember 191427. februar 2007) var ein norsk museumsmann og kulturhistorikar frå Stavanger. Han er særleg kjend for si tid som leiar av Norsk Sjøfartsmuseum, då han la ned stor innsats for å synleggjere den gamle kystkulturen i Noreg. I 1985 gav han ut hovudverket Vår gamle kystkultur i to band.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Molaug var son til ein lærar i Stavanger. Sjølv tok han til å studere ved universitetet i Oslo, etter han hadde gjort unna militærtenesta. Han tok magistergraden i kunsthistorie i 1946, men før den tid hadde han fungert som fylkeskonservator i Vestfold 1944-45. Frå 1947 var han konservator ved Norsk Folkemuseum i Oslo, der han hadde ansvar for by- og bygdesamlingane.

I 1956 vart Molaug tilsett som direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo. Gjennom sine 28 år som leiar for museet la han ned ein formidabel innsats og fornya både sjøfartshistoria og langt på veg skapte omgrepet kystkultur. Han fekk engasjert mange lag og miljø langs kysten, mellom anna dykkarklubbar, som var aktive deltakarar i marin-arkeologiske søk. I tillegg sørgde han for å få gjort ei mengd intervju med gamle seglskutefolk, og andre som hadde hatt sitt virke på kysten.

Gjennom åra skreiv Molaug ei rad artiklar om folkekunst, kulturhistorie og marinarkeologi. Hovudverket, tobandsverket Vår gamle kystkultur frå 1985, eit standardverk om levevis i norske kystsamfunn, har sidan kome ut i fleire opplag.

Molaug døydde i Oslo i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]