Sveinung Rotevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sveinung Rotevatn under valkampen 2009

Sveinung Rotevatn (fødd 15. mai 1987) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant (V). Han er frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Han vart leiar i Unge Venstre i 2010, og var 1. nestleiar før dette. Under landsmøtet i september 2013 gjekk han av som leiar, og gav jobben vidare til Tord Hustveit. I 2009 var han valkampssekretær for Sogn og Fjordane Venstre, og sit som styremedlem i fylkeslaget.

Rotevatn har tidlegare vore i teneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde. Han studerer i dag rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Frå 2012 er han medlem av landsstyret i Noregs Mållag.