Sveinung Sundli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sveinung Sundli

Fødd21. juli 1979 (44 år)
FødestadOrkdal kommune
OpphavNoreg
Instrumentfele
Verka sommusikar

Sveinung Sundli (fødd 21. juli 1979) er ein norsk musikar frå Orkdal, kjend som felespelar og el-pianist i musikkgruppa Gåte.

Sundli voks opp i ein musikalsk familie i Orkdal, og lærte å spela fele frå han var 6 år. Som 14-åring vart han lei felespelet og knuste fela si. Etter ein periode der han lytta til teknomusikk og var bassist i eit pønk-band, tok han til med folkemusikk att, og tok til å blanda han med rock. I 1999 starta han opp Gåte saman med systera Gunnhild Sundli (vokal), Martin Langlie, (slagverk) Gjermund Landrø (bass) og Magnus Børmark (el-gitar). Dei gav ut sin fyrste EP året etter, og vart svært populære etter nokre år, både innanlands og utanlands.

Sundli skreiv melodiar til «Storås», «Ola I», «Du som er ung», «Sjåaren» og «Fredlysning», som Gåte framførte. Han har også ein G, symbolet til Gåte, tatovert på armen sin.

I 2004 var Sundli ei viktig drivkraft til oppstarten av Storåsfestivalen, som vart arrangert fyrste gong i juli same året. Elles har han drive utestaden Storås i Trondheim i fleire år. Han vart far for fyrste gong då han fekk ein son med sambuaren sin i desember 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]