Sveio kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sveio kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Sveio
Areal 246 km²
 - land 224 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 5 742  (1. januar 2024)
Målform Nynorsk
Ordførar Linn Therese Erve (Ap)
Kommunenr. 4612
Kart
Sveio kommune
59°34′25″ N 5°21′48″ E
Wikimedia Commons: Sveio
Nettstad: www.sveio.kommune.no

Sveio er den sørlegaste kommunen i Vestland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grensar til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. Halvøya ligg mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio kan både reknast for å høyra til Haugalandet og Sunnhordland.

Folk bur spreidd i fleire tettstader, dei største er Førde, Sveio, Valevåg, Auklandshamn og Buavåg. Sveio har fleire vatn med røsslyngheier rundt, og seks slike område er verna.

Området har vore busett sidan steinalderen. Det ligg godt til ut mot havet, midtvegs mellom Stavanger og Bergen, og var lenge viktig for reisande langs kystleia.

Trekantsambandet med undersjøisk tunnel gjev samband nordover til øya Stord. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går gjennom kommunen. Buavåg har ferjesamband til Langevåg sør på Bømlo.

Folk frå Sveio[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]