Sveitserstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bustadhus frå 1868 i sveitserstil i Hamar.
Hotel Union på Øye ved Norangsfjorden i Ørsta kommuneSunnmøre vart bygd i 1891 i sveitserstil.
Vaktstua for militæravdelinga Hans Majestet Kongens Garde i Slottsparken attmed Slottet i Oslo, teikna av arkitekt Linstow.

Sveitserstil er eit norsk namn på ein arkitekturstil som gjorde seg gjeldande i Noreg frå 1860-åra og inn på 1900-talet for hus som vart bygd i tre, men stilen har òg sett sitt preg på nokre hus i mur. Namnet «sveitserstil» oppstod på folkemunne, og vart etter stutt tid ålment akseptert som nemninga på «den nye Træstiil».

Kjenneteikn på bygningar i sveitserstil er fyrst og fremst at dei har saltak som stikk langt fram over ytterveggane i både gavlpartia og elles. Bustadhusa er gjerne på halvannan eller to etasjar og med dominerande verandaer som har sitt eige saltak og gavlparti; gavlpartia er store og framheva, og vindauga er store krysspostvindauge (firedelte glasflater) eller T-postvindauge (tredelte glasflater) med markerte innrammingar. Det er ofte panel på ytterveggane, men veggar av lafta tømmer eller plank står likevel i mange høve utan panel. Verandapartia, gesimsane, gavlfelta, vindaugeinnrammingane og anna er vanlegvis dekorerte med utsaga mønstre og ymse andre snikkardetaljar, såkalla «snikkarglede». Husa vart bygde for å liggje fritt, ikkje kjeda saman med grannehus langs gatene i byane.

Sveitserstilen oppstod på bakgrunn av dei nasjonalromantiske strøymingane i tida. Tradisjonane og teknikkane frå den norske landsbygda med å byggje husa i tre, skulle vidareførast og tilpassast tider og miljø med nye og andre krav. Desse tankane var i og for seg i tråd med herskande idear i Bayern om at det i bygdene i Alpane og ved Tegernsee burde takast utgangspunkt i tradisjonelle materialar og formuttrykk når nye hus skulle byggjast.

Årsaka til at byggeskikken i fjellstroka i Bayern kom til å påverka den norske trehusarkitekturen og skapa ein «sveitserstil» når meininga eigenleg var å vidareføre og betre den norske byggeskikken, var hovudsakleg at arkitektar med tysk opphav eller utdanning, og difor inspirert av tyske idear, var dominerande i Noreg på denne tida. Dei såg likskapar mellom den tradisjonelle norske trebyggeskikken og byggeskikken i dei bayerske fjella, og nytta dette som ei slags grunngjeving for å utvikle ein norsk nasjonal stil som kunne stette krava i tida til utforminga av bustadhus, fritidshus osb. Soleis vart det til at dei innanlandske nasjonalromantiske strøymingane om å løfta fram skikken om å byggje hus i tre gjekk i hopehav med impulsar frå tysk, austerriksk og sveitsisk bondehustradisjon, og europeiske tankar og faglege tradisjonar elles om arkitektur.

Stasjonsbygningen på Skarnes jarnbanestasjon på Kongsvingerbanen.

Sveitserstilen vart populær. Det vart reist mange våningshus i sveitserstil på bondegardane rundt ikring, og likeeins kunne løer og andre driftsbygningar og uthus verte utforma under påverknad av denne stilen. Dei bustadhusa i sveitserstil som vart bygde for velhaldne bybuarar karakteriserast på eit vis av at dei appellerte til førestillingar om det gode, landlege livet. Husa vart anten bygde på frittliggande «landlege» areal i byen, slik det framleis er fleire døme på i Oslo, eller som bustader eller sumarvillaer på landet i nærleiken av byen, slik ein likeeins framleis har fleire døme på i Oslo: på Ormøya, Bekkelaget og Nordstrand. Dessutan vart mange hotell på landsbygda oppført i sveitserstil, og landsens jarnbanestasjonar fekk ofte bygningar i sveitserstil, eller som var prega av stilen. Det same galdt òg fleire av dei bygningane som militærvesenet sette opp på moane kringom i landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sveitserstil