Sveittetest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sveittetest blir utført for å fastsetja mengda av klor og natrium som blir utskilde gjennom sveitte i løpet av ei viss tid. Denne testen blir bruka som del av diagnostiseringa av cystisk fibrose.

Framgangsmåte[endre | endre wikiteksten]

Sveittetesten blir utført ved at ein tilfører testområdet (vanlegvis eine underarmen) ei låg elektrisk stimulering i 5–12 minutt. Både anode og katode er dekte med gasbind. Gasbindet kring anoden er metta med det sveittefremjande stoffet pilokarpin, og gasbindet kring katoden er metta med bikarbonatløysning.

Ei papirskive blir plassert over testområdet og dekt med parafinvoks. Skiva blir overført til ei vegingskrukke etter éin time, og blir så plassert i vatn for å oppløyse saltet. Oppløysninga ein da får blir analysert ved måling av klor- og natriuminnhald.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Det normale verdispennet for natrium er <70–90 mEq/l, og for klor er verdispennet <50–60 mEq/l. Høgare verdiar enn desse tyder på at pasienten har cystisk fibrose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]