Svele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svele eller lapp er ei lita, og etter måten tjukk pannekake av mjøl, egg og surmjølk, karakterisert av at natron og hjortetakksalt vert nytta som hevemiddel, slik det skal kjennast på smaken av rettlege sveler. Sveler er populære som snøggmat. Dei vart selde til ferdafolket om bord i mange ferjer — særleg i Møre og Romsdal, der sveler høyrde med til ferjereiser, og det gjekk gjetord om på kva ferjerute eller ferje det vart baka dei beste svelene. Svelene vart vanlegvis steikte på takke og smurde med smør og anten sukker eller brunost og bretta langs midten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]