Svelvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svelvik kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Svelvik
Areal 58 km²
 - land 56 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Andreas Muri (H)
Kommunenr. 0711
Kart
Svelvik kommune
59°37′25″N 10°22′18″E / 59.623611111111°N 10.371666666667°E / 59.623611111111; 10.371666666667
Wikimedia Commons: Svelvik (former municipality)
Nettstad: www.svelvik.kommune.no

Svelvik var ein kommune og ein tettstad i Vestfold fylke. Kommunen grensa i nord til Drammen og i vest til Sande. Aust for Drammensfjorden låg Røyken og Hurum.

Ein stor del av busetnaden ligg ved kysten/fjorden, særleg småbyen Svelvik med 3923 innbyggarar, og Berger med 1114 innbyggarar. Lenger inne er det jordbruksland og skogkledde åsar.

Namnet Svelvik kjem frå gamalnorsk Sverðvík. Fyrsteleddet er uvisst og går kanskje tilbake på eldre *Sverfð- til gamalnorsk sverfa «kvervle, gå i ring», eller ei allmenn tyding «straum». Ei anna tolking er «boge» om kystlina på Hurumlandet

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svelvik fekk status som ladestad i 1845. Strømm og Svelvik vart skilt ut frå Hurum prestegjeld i 2. mars 1861. På 1800-talet fungerte Svelsvik som vinterhamn for Drammen. Sjøfart med seglskuter stod for mykje av sysselsettinga i Svelvik gjennom det meste av det 19. hundreåret. Kommunestyret i Svelvik vedtok i 1998 at tettstaden Svelvik skulle vere by.

Den 1. januar 2020 slo Svelvik seg saman med Nedre Eiker og Drammen til nye Drammen kommune.[1] Kommunen bytta då også fylke, og vart ein del av det nye Viken fylke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden og byen Svelvik ligg ved Svelvikstraumen, eit smalt sund i Drammensfjorden som munner ut i Oslofjorden lengre sør. Straumen er blant dei sterkaste i Noreg.
Svelvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1859.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.