Sven Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sven Fischer

Sven Fischer (fødd 16. april 1971) i Schmalkalden i Thüringen i Tyskland (DDR) er ein tysk skiskyttar. Han er fleire gonger olympisk meister og verdsmeister i skiskyting, og har vunne verdscupen samanlagt to sesongar.

Fischer vann sin første europacup-siger i desember 1990 i Hochfilzen. Han har gått individuelle renn i verdscupen i skiskyting sidan 1992/93-sesongen. Sidan 1995/96-sesongen har han alltid endt blant dei ti beste i verdscupen samanlagt. Alt i 1993 vann han bronse med det tyske stafettlaget i VM. Sin første individuelle medalje i eit stort meisterskap tok han i OL på Lillehammer i 1994, med bronse på 20 km, her var han òg med å vinna stafetten. Stafetten var han òg med å vinna i Vinter-OL 1998 i Nagano. I Vinter-OL 2002 i Salt Lake City fekk han sølv på sprinten og stafetten og i Vinter-OL 2006 i Torino vann han sprinten og stafetten.

I VM har Fischer tilsaman vunne sju gullmedaljar, eit i lagkonkurransen (1993), fire på stafett (1995, 1997, 2003, 2004) og på 20 km og fellesstart i Kontiolahti i 1999. Han har vunne 33 verdscuprenn, tredje mest etter Ole Einar Bjørndalen og Raphaël Poirée, og vann verdscupen samanlagt i 1996/97- og 1998/99-sesongen.

Eit særtrekk ved Sven Fischer er at han alltid konkurrerer utan hanskar og brukar eit særeige ladegrep. Han snakkar òg litt norsk.

Med sambuaren Doreen har han ei dotter.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • To sigrar (1996/97 og 1998/99), to andreplassar, tre tredjeplassar
  • Verdsmeisterskap:
    • 7 gull (2 individuelle), 8 sølv, 7 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 4 gull (1 individuelt, sprint, 2006), 2 sølv, 2 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 33 gull, 20 sølv, 33 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]