Svend Hersleb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svend Hersleb

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mars 1784
Alstahaug kommune
Død

12. september 1836 (52 år)
Christiania

Yrke prest, teolog, politikar, professor
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Svend Borchmann Hersleb (7. mars 178412. september 1836) var ein norsk teolog, den fyrste leiaren av Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hersleb var fødd og oppvaksen på garden Nordherøy i Alstahaug, faren var godseigar. Han vart utdanna ved Trondheims katedralskule, der han tok examen artium i 1802 og examen philosophicum i 1804. Vidare utdanning tok han i København på Valkendorfs Kollegium, vart cand. theol. i 1807. Deretter tilsett som inspektør på lesesalen ved Det kongelige bibliotek i København. Frå 11. april 1808 var Hersleb lærar ved Metropolitanskolen, og underviste der i religion og antropologi. Han budde på studentheimen ved Valkendorfs Kollegium, der han seinare fekk ei inspektørstilling. Der hadde han då tilsyn med dei andre bebuarane. Mellom anna fekk han kontakt med Grundtvig, som flytta inn i 1808. Hersleb delte i dei dagar teologisk oppfatning med Grundtvig, og var ein klår motstandar av rasjonalismen.

Leiar for presteutdanninga[endre | endre wikiteksten]

Hersleb vart utnemnd til lektor i teologi og i det hebraiske språk 16. januar 1813. I september 1813 var Universitetet i Oslo etablert og i funksjon, etter at Frederik VI to år tidlegare hadde gjeve påbod om å opprette eit universitet i Noreg. Som einaste teologiske lærar skulle han syrgje for å utdanne prestar til Den norske kyrkja.

3. juni 1814 vart Hersleb utnemnd til professor i teologi, same dag som Stener Stenersen vart utnemnd til lektor i teologi. Hersleb førelas over Det gamle testamente og i dogmatikk, men også eksegese, apologetikk, naturleg teologi og etikk for studentane ved Det teologiske Fakultet i Christiania. Han stod også for undervisninga i hebraisk fram til Christopher Holmboe i 1822 vart tilsett som professor i orientalske språk.

Bibelrevisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1815 forfatta Hersleb innbydinga til å stifte Det norske Bibelselskap. Han vart ein sterk pådrivar i selskapet, stod i hovudsak sjølv for revideringa av Det nye testamente. Han arbeidde då saman med biskop Frederik Bech og slottsprest Claus Pavels.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Hersleb var påverka av Pontoppidan sitt kristensyn. Av litterære verk vart «Lærebog i Bibelhistorie» trykt i København i 1812. Denne boka kom i fleire opplag ut gjennom 1800-talet, siste gong i 1863. Ei kort utsikt over bibelhistoria kom ut fyrste gongen i 1813, siste gongen i 1868. Attåt desse finst ein del førelesingsmanuskript i manuskriptsamlinga ved Universitetet i Oslo.

Stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

Hersleb var valmann til fleire stortingsval. Men inn på stortinget vart han vald ein einaste gong. I 1827 var han 2. representant frå Kristiania, og møtte då og på det overordentlege storting i 1828. På 1827-tinget var han formann i kyrkjekomiteen og skreiv då lova om allmugeskulen av 1827. Denne lova gjaldt i 33 år.

Hersleb avslo i 1832 eit tilbod om å verte biskop. Han døydde ugift i Kristiania i 1836.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Molland, Einar:Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bind 1. Oslo, 1979
  • Petersen, Carsten Elmelund:Troens gerning. Oslo, 1997