Svensk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sverige er eit land i Skandinavia i Nord-Europa. Det grensar til Noreg i vest, Finland i nordaust og Austersjøen og Bottenhavet i aust og sør.

Sverige har ei lang kystlinje på austsida og Dei skandinaviske fjella på vestsida, ei fjellkjede som skil Sverige frå Noreg. Landet har ei maritim grense med Danmark, Tyskland, Polen, Russland, Litauen, Latvia og Estland, og er òg knytt til Danmark (sørvest) via Öresundbrua. Med eit areal på 450 295 km² er Sverige det 55. største landet i verda, det 5. største i Europa og det største i Nord-Europa.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Kart over Sverige.

Det meste av Sverige er stort sett skogkledd, og 55%[1] av landarealet er skog og skogområde, medan jordbruksland berre dekkjer 8 %. Sør-Sverige er hovudsakleg dominert av jordbruk, medan skogane dekkjer områda nordover. Fjell og åsar dominerer i vest. Kring 15 % av Sverige ligg nord for polarsirkelen.

Det lågaste punktet i Sverige er i ei bukt i Hammarsjön, nær Kristianstad på -2,41 meter under havnivå. Det høgaste punktet er Kebnekaise på 2111 meter over havet.

Den største folketettleiken er i Öresund-regionen i Sør-Sverige og i dalen ved Mälaren nær Stockholm. Gotland og Öland er dei største øyane til Sverige. Desse har sin eigen kultur, særskild Gotland med den gamle, stort sett intakte kulturbyen Visby. Vänern og Vättern er dei største innsjøane. Vänern er den tredje største innsjøen i Europa etter Ladoga og Onega i Russland.

Vassarealet i Sverige utgjer 39 960 km² og landet har kring 95 700 innsjøar.[2] Innsjøane og elvane vert stundom utnytta til vasskraftverk, særleg dei store elvane i

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Landskap[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå landskap i Sverige.

Sverige er delt inn i 25 landskap, basert på kultur, geografi og historie: Bohuslän, Blekinge, Dalarna, Dalsland, Gotland, Gästrikland, Halland, Hälsingland, Härjedalen, Jämtland, Lappland, Medelpad, Norrbotten, Närke, Skåne, Småland, Södermanland, Uppland, Värmland, Västmanland, Västerbotten, Västergötland, Ångermanland, Öland og Östergötland.

Landskapa har ikkje politiske eller administrative føremål, men svenskane identifiserer seg nærare med landskapa sine enn med lena. Landskap vert vanlegvis inndelt i tre store landsdelar: Norrland i nord, Svealand i midten og Götaland u slr. Det tynt folkesette Norrland utgjer om lag 60% av landet.

Län[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå len i Sverige.

Administrativt er Sverige delt inn i 21 län. I kvart län er det eit lensstyre som vert utpeikt av styresmaktene. I kvart län er det òg eit eige landsting.

Blekinge län, Dalarnas län, Gotlands län, Gävleborgs län, Hallands län, Jämtlands län, Jönköpings län, Kalmar län, Kronobergs län, Norrbottens län, Skåne län, Stockholms län, Södermanlands län, Uppsala län, Värmlands län, Västerbottens län, Västernorrlands län, Västmanlands län, Västra Götalands län, Örebro län og Östergötlands län

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå kommunar i Sverige.
Lapporten i Lappland

Kvart län er vidare delt inn i kommunar, som varierer frå ein enkelt (i Gotlands län) til 49 (i Västra Götalands län). Totalt er det 290 kommunar i Sverige.

Dei nordlege kommunane er ofte store, men har få innbyggjarar – den største kommunen er Kiruna kommun med eit areal som er like stort som dei tre sørlege landskapa i Sverige (Skåne, Blekinge og Halland) i lag, men har berre 25 000 innbyggjarar og ein folketettleik på kring 1 per km².

Folketettleiken i lena i Sverige.
folk/km²
██ 0-9.9██ 10-24.9██ 25-49.9██ 50-99.9██ 100-199.9██ 200+

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Sverige har kring ni millionar innbyggjarar. Dei nordlege områda er tynnare folkesett enn dei sørlege og sentrale områda, hovudsakleg på grunn av det kaldare klimaet.

Byar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå byar i Sverige.

Byar og tettstader i Sverige er ikkje politiske eller administrative einingar, men stader eller urbane område, som er uavhengige av kommuneinndelinga. Den største byen, etter folketal, er hovudstaden Stockholm i aust, som er eit kultur- og mediasenter, med kring 1,25 millionar innbyggjarar. Den nest største byen er Göteborg med 510 500 innbyggjarar, i vest. Den tredje største byen er Malmö i sør med 258 000. Den største byen i nord er Umeå med 76 000 innbyggjarar.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Naturressursane til Sverige er mellom andre kopar, gull, vasskraft, jernmalm, bly, sølv, tømmer, uran og sink.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Sur nedbør har vorte eit problem som øydelegg jordsmonn og innsjøar, samt at det fører til forureining i Austersjøen og Nordsjøen.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Treriksrøysa, det nordlegaste punktet i Sverige
Skilt i hamna i Smygehuk, det sørlegaste punktet i Sverige

Det nordlegaste punktet i Sverige er Treriksrøysa i Lappland,[3] der grensa mellom Sverige, Noreg, og Finland møter kvarandre. Den næraste svenske byen til dette punktet er Kiruna, som er den nordlegaste byen i Sverige.[4] Det sørlegaste punktet i Sverige er hamna i fiskelandsbyen Smygehuk, nær byen Trelleborg,[5] som grensar til Austersjøen.[6] Ved kaien i hamna står eit skild som viser det eksakte punktet, samt avstandane til Treriksrøya, Stockholm, Berlin, Paris og Moskva.[5]

Det vestlegaste punktet i Sverige er Stora Drammen, ein holme i Skagerrak utanfor kysten av Bohuslän.[7] Øya er ikkje busett, men her finst sjøfugl og sel.[8] Det austlegaste punktet er Kataja,[7] ein holme sør for Haparanda i Bottenviken. Øya er delt mellom Sverige og Finland. Grensa vart oppretta i 1809 etter finskekrigen. Grensa vart opphavleg trekt mellom to små øyar, men på grunn av landhevinga etter 1809 har dei to øyane vokse saman til ei enkelt øy.[9] Om ein berre reknar med fastlandet er Stensvik i Strömstad det vestlegaste punktet i Sverige,[10] og Sundholmen i Haparanda det austlegaste.[11]

Retning Stad Landskap Grense Koordinatar[12] Ref
North Treriksröset, Kiruna Lappland Troms, Noreg, og Lappland i Finland 69°03′36″N 20°32′55″E / 69.06°N 20.548611°E / 69.06; 20.548611 [4][7][13]
Sør Smygehuk, Trelleborg Skåne Austersjøen 55°20′13″N 13°21′34″E / 55.336944°N 13.359444°E / 55.336944; 13.359444 [6][7][14]
Vest Stora Drammen, Strömstad Bohuslän Skagerrak 58°55′43″N 10°57′27″E / 58.928611°N 10.9575°E / 58.928611; 10.9575 [7][15][16]
Vest (fastland) Stensvik, Strömstad Bohuslän Skagerrak 58°59′50″N 11°06′47″E / 58.997222°N 11.113056°E / 58.997222; 11.113056 [10][17][18]
Aust Kataja, Haparanda Norrbotten Bottenviken 65°42′39″N 24°09′21″E / 65.710833°N 24.155833°E / 65.710833; 24.155833 [7][19][20]
Aust (fastland) Sundholmen, Haparanda Norrbotten Torne älv og Bottenviken 65°48′54″N 24°09′02″E / 65.815°N 24.150556°E / 65.815; 24.150556 [11][13][21]

Høgder[endre | endre wikiteksten]

Med ei høgd på 2104 meter over havet er Kebnekaise det høgaste punktet i Sverige.

Det høgaste punktet i Sverige er Kebnekaise, med ei høgd på 2104 meter over havet. Fjell ligg i Dei skandinaviske fjella i Lappland[22][23][24] Fjellet har to toppar og ein isbre på sørsida.[22] Nordtoppen er på 2096 meter over havet og er isfri. Det høgaste punktet vert tradisjonelt sagt å vere 2111 meter over havet, men nye målingar har vist at breen på toppen har smelta, så toppen er derfor i dag lågare enn tidlegare.[22] Andre høge fjell i nærleiken er Sarektjåkka på 2089 meter over havet og Kaskasatjåkka på 2076 meter over havet.

Det lågaste punktet i Sverige er på 2,41 meter under havnivå, og ligg i Kristianstads Vattenrike biosfærereservat i byen Kristianstad.[3] Punktet ligg i botten av det som var Nosabyviken, ei bukt i Hammarsjön. Bukta vart drenert i 1860-åra av John Nun Milner, ein ingeniør, for å få meir dyrkbar mark for Kristianstad.[25]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete frå 2002 der det meste av Sverige er dekt av snø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. mai 2014, henta 19. april 2013 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. juni 2009, henta 23. juni 2012 
  3. 3,0 3,1 «Sverige: Geography». CIA – The World Factbook. Arkivert frå originalen 19. mai 2020. Henta 23. juni 2012. 
  4. 4,0 4,1 «Google Maps (Treriksröset)». Google. Henta 23. juni 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Trelleborgs kommun - Smygehuk» (på svensk). Trelleborg.se. May 15, 2003. Arkivert frå originalen 18. mars 2012. Henta 23. juni 2012. 
  6. 6,0 6,1 «Google Maps (Smygehuk)». Google. Henta 23. juni 2012. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 «Geografiska uppgifter (Geographical data)» (PDF) (på svensk). Statistiska centralbyrån. Henta 23. juni 2012. 
  8. «Reportage - Stora Drammen» (på svensk). Sverige Offroad Tour. Henta 23. juni 2012. [daud lenkje]
  9. Tingbrand, Per (1984). Kataja - Sveriges östligaste skär. Västkustrapsodi (på svensk). Borås: Svenska Kryssarklubben. ISBN 91-86069-07-7 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  10. 10,0 10,1 «Eniro Maps (Stensvik)». Eniro (på svensk). Henta 23. juni 2012. 
  11. 11,0 11,1 «Sundholmen är ett internationellt centrum i Bottenviksbågen och Barentsområdet» (på svensk). Haparanda.se. Arkivert frå originalen 3. mai 2008. Henta 23. juni 2012. 
  12. Google Earth. Google Earth makes use of the WGS84 geodetic reference system.
  13. 13,0 13,1 Almqvist & Wiksells stor-atlas, p. 4
  14. Almqvist & Wiksells stor-atlas, p. 7
  15. «Google Maps (Stora Drammen)». Google. Henta 11. oktober 2008. 
  16. «Eniro Maps (Stora Drammen)». Eniro (på svensk). Henta 29. oktober 2008. 
  17. Almqvist & Wiksells stor-atlas, p. 6
  18. «Förutsättningar, analys och överväganden» (PDF) (på svensk). Strömstad.se. Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2009. Henta 23. juni 2012. 
  19. «Google Maps (Kataja)». Google. Henta 23. juni 2012. 
  20. «Eniro Maps (Kataja)». Eniro (på svensk). Henta 23. juni 2012. 
  21. «Google Maps (Sundholmen)». Google. Henta 23. juni 2012. 
  22. 22,0 22,1 22,2 Annika, Rydman (Augusti 18, 2008). «Sydtoppen fortfarande högst i Sverige» (på svensk). Dagens Nyheter. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. Henta 23. juni 2012. 
  23. «Google Maps (Kebnekaise)». Google. Henta 23. juni 2012. 
  24. Almqvist & Wiksells stor-atlas, p. 18
  25. «Lägsta punkten (Lowest point)» (på svensk). Kristianstad.se. Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 23. juni 2012.