Svenska Akademien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børshuset ved Stortorget i Gamla Stan i Stockholm

Svenska Akademien er eit litterært og språkleg selskap i Sverige med sete i børshuset i Gamla Stan i Stockholm. Akademiet vart grunnlagd den 20. mars 1786 av kong Gustav III. Føremålet for akademiet er å fremje den svenske litteraturen og det svenske språket eller som det heitte opphavleg «arbeta uppå Svenska Språkets renhet, styrka och höghet».[1] Svenska Akademien er kjend under namnet De Aderton fordi selskapet er sett saman av atten medlemmer.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Kunngjering av nobelprisvinnaren i litteratur. Sekretæren Horace Engdahl møter pressa.

Internasjonalt er Akademiet mest kjend for utnemninga av Nobelprisvinnarar i litteratur. Til dei prisane som akademiet årleg eller jamleg deler ut, høyrer den norsk-svenske Doblougprisen og Akademiet sin nordiske pris.

Selskapet gjev jamleg ut Svenska Akademiens ordlista över svenska språket. Denne ordlista tek sikte på å atterspegla språket i samtida. Sidan 1786 har akademiet arbeidd med ei historisk ordbok over det svenske språket, eit fleirbindsverk som enno ikkje er ferdig utgjeve. Ein reknar med at siste band i ordboka kjem i 2017.

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Svenska akademien har 18 medlemmer. Nye medlemmer vert valde inn etter hemmeleg avstemming mellom akademiets medlemmer. Kvart medlem sit på livstid og det er ikkje råd å avseie seg medlemskapet. Eit medlem kan bli kasta, om han til dømes bryt mot teieplikta og røper noko frå Akademiets interne drøftingar. Akademiet har ein fast sekretær (sv. ständig sekreterare). Sekretæren er akademiets talsperson. Kvart akademimedlem har sin nummererte stol.

Noverande medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Dei noverande medlemmene ordna etter stolsnummer er:

  1. Lotta Lotass, forfattar, innvald 2009
  2. Bo Ralph, professor, innvald i 1999
  3. Sture Allén, professor, innvald i 1980, fast sekretær 1986-1999
  4. Anders Olsson, professor, innvald i 2008
  5. Göran Malmqvist, professor, innvald i 1985
  6. Tomas Riad, professor, innvald i 2011
  7. Sara Danius, professor, innvald i 2013
  8. Jesper Svenbro, forskar/poet, innvald i 2006
  9. Ledig per 2017
  10. Peter Englund, professor, forfattar, innvald i 2002, fast sekretær
  11. Klas Östergren, forfattar, innvald i 2014
  12. Per Wästberg, forfattar, innvald i 1997
  13. Sara Stridsberg, forfattar, innvald i 2016[2]
  14. Kristina Lugn, forfattar, innvald i 2006
  15. Kerstin Ekman, forfattar, innvald i 1978, (sida 1989 deltek ikkje Ekman i Akademiet sitt arbeid)
  16. Kjell Espmark, professor, innvald i 1981
  17. Horace Engdahl, professor, innvald i 1997, fast sekretær 1999-2009
  18. Katarina Frostenson, forfattar, innvald i 1992

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.svenskaakademien.se/Templates/Article1.aspx?PageID=539af8f0-1bed-4b22-abee-490c4dd14a91
  2. «Ny ledamot i Svenska Akademien». Svenska Akademien. Henta 20. august 2016.