Svenska Akademiens ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svenska Akademiens ordbok, forkorta SAOB, er eit etymologisk oppslagsverk over det svenske språket som blir gitt ut av Svenska Akademien. Det er det største oppslagsverket som har vorte gjeve ut i Norden.

Ved opprettinga av Svenska Akademien i 1786, vart det slått fast i vedtektene det skulle skrivast ei svensk ordbok. Med visse avbrot har arbeidet gått føre seg sidan då. Anders Fredrik Dalin utarbeidde på oppdrag frå akademien eit førebuande utkast til ei svensk ordbok, ein så kalla ordboksstomme i åra 1852–1867. Denne stammen kom sidan til å ligge til grunn for det første bandet, som var ferdig først i 1898.

I juli 2009 var akademien komme til ordet Tyna. Ein reknar med at det bandet skal komme i 2017.

Svenska Akademiens ordbok må ikkje forvekslast med Svenska Akademiens ordliste (SAOL) som er ei normativ rettskrivingsordliste for svensk, eller med den nyutkomne Svensk ordbok utgitt av Svenska Akademien (SO).

SAOB kan samanliknast med Ordbog over det danske sprog og Norsk Ordbok, men er langt større enn desse ordboksverka.

SAOB er gratis tilgjengeleg via internett.

SAOB som referanse[endre | endre wikiteksten]

Verket omfattar det svenske språket sidan 1521 (Gustav I:s Registratur), altså ikkje berre dei orda som høyrte til det levande språket på det tidspunktet eit hefte vart gitt ut.

Då artiklane i SAOB har blitt publisert sidan 1898 inneheld mange av dei alderdommeleg informasjon. Det påverkar bruken av oppslagsorda og ein må derfor vere forsiktig med å nytte ordboka som referanse til notidsspråket, i sær gjeld det ord i starten av alfabetet. Orda sin etymologi (opphav) endrast derimot ikkje med tida om ikkje ny forsking har komme fram til noko anna sidan artikkelen vart publisert. Ettersom mange heilt nye ord har komme inn i svensk sidan sluten av 1800-talet kjem supplementband til å bli gitt ut.

Artiklane er ikkje berre etymologiske men gir òg mange eksempel på korleis eit ord eller ståande uttrykk har vore nytta, og korleis bruken eller stilnivået har vore endra, gjennom sitat, så kalla språkprøver eller excerpter; Gudrun Schyman blir sitert til eksempel under taliban for å vise på korleis dette ordet snøgt kom til å nyttast metaforisk.

Eit anna aspekt er at stavinga av førsteforma ikkje behøver avspegle kva som var vanleg når artikkelen vart skriven, til dømes stavast i visse delar alle former av verk som värk, uavhengig av tyding. Ei annan ulempe er at bokstavar etter T saknast heilt, då desse banda enno ikkje er ferdige.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]