Svenska Högarna

Koordinatar: 59°26′N 19°30′E / 59.433°N 19.500°E / 59.433; 19.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenska Högarna

StadSvenska Högarna, Stockholms skjergard i Sverige
Oppretta1874
Koordinatar59°26′N 19°30′E / 59.433°N 19.500°E / 59.433; 19.500
Fyrtårn
Høgd18
FormRamme i jern, forma som ei kjegle
ByggjematerialeJern
Fyrlys
LysstyrkeBlink kvart 15. sekund cd
Lyshøgd31 moh.
Lysvidde15 nm
Status
Automatisert1966
Kart
Svenska Högarna
59°25′54″N 19°29′46″E / 59.43169236799°N 19.496058763161°E / 59.43169236799; 19.496058763161

Svenska Högarna er ei lita øygruppe og eit fyr aust for Möja i Stockholms skjergard i Sverige. Fyret ligg på den største av øyane, Storön, og er et einaste fyret i skjergarden med den klassiske jernforma teikna av arkitekt Nils Gustaf von Heidenstam. Før fyret vart bygd hadde det stått eit dagmerke med svarte og kvite striper å øya, og denne står i dag på øya Storkläppen i Östergötland. Svenska Högarna fyr vart tent 1874 med ein rapsoljelampe. I 1887 vart det sett inn ein parafin lampe og i 1966 vart fyret elektrifisert. I 1986 vart det sett opp solceller for å gje fyret straum.

Det står ein vêrstasjon på øya. Sidan 1994 har fyret vorte eigd av Edward Sjöbloms stiftelse. Alle øyane er ein del av eit naturreservat. På øyane er det to jettegryter. Det er ikkje lett å gå i land på dei to øyane, og vêret må vere roleg for at båtane trygt kan legge til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]