Svenska folkpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svenska folkpartiet, forkorta Sfp, på finsk Ruotsalainen kansanpuolue (RKP), er eit politisk parti i Finland. Det vart grunnlast av Axel Lille i mai 1906. Partileiar sidan 2006 er Stefan Wallin.

Partiet kallar seg «eit frisinna liberalt parti» som eksisterer «for alle som vil arbeida for eit Finland med to levande nasjonalspråk, svensk og finsk.»[1] Det er medlem i den internasjonale paraplyorganisasjonen Den liberale internasjonale, saman med mellom anna Venstre frå Noreg.

Partiet er representert med 9 representantar i den finske nasjonalforsamlinga (av 200). Ved sist val, 17. april 2011, fekk partiet 4,3 % av røystene. I Europaparlamentet har Svenska folkpartiet eitt medlem, Henrik Lax, som inngår i Alliansen av liberale og demokratar for Europa.

Partiet har vore med i ymse koalisjonsregjeringar samanhengande sidan 1979, med ein eller to ministerpostar, i samarbeid med alle finske parti som har danna regjering sidan då. Partiet har ofte hatt posten som Nordisk samarbeidsminister.

Valresultat ved riksdagsval[endre | endre wikiteksten]

Årstal Mandat Røyster
1907 24 112 267 12,60 %
1908 24 103 146 12,74 %
1909 25 104 191 12,31 %
1910 26 107 121 13,53 %
1911 26 106 810 13,31 %
1913 25 94 672 13,07 %
1916 21 71 608 9,00 %
1917 21 108 190 10,90 %
1919 22 116 582 12,13 %
1922 25 107 414 12,41 %
1924 23 105 733 12,03 %
1927 24 111 005 12,20 %
1929 23 108 886 11,45 %
1930 20 113 318 10,03 %
1933 21 115 433 10,42 %
1936 21 121 619 10,36 %
1939 18 124 720 9,61 %
1945 14 134 106 7,90 %
     
Årstal Mandat Røyster
1948 13 137 981 7,34 %
1951 14 130 524 7,20 %
1954 13 158 323 7,88 %
1958 13 126 365 6,50 %
1962 13 140 689 6,11 %
1966 11 134 832 5,69 %
1970 11 135 465 5,34 %
1972 9 130 407 5,06 %
1975 9 128 211 4,66 %
1979 9 122 418 4,23 %
1983 10 137 423 4,61 %
1987 12 152 597 5,30 %
1991 11 149 476 5,48 %
1995 11 142 874 5,14 %
1999 11 137 330 5,12 %
2003 8 128 824 4,61 %
2007 9 126 520 4,57 %
2011 9 125 865 4,3 %

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]