Svenske reduksjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svenske reduksjonar, eigenleg ein reduktion, er ei nemning som vart brukt i Sverige om at staten ved kongemakta tok til seg slik eigedom, jord og inntekter av jord, som tidlegare hadde vorte utdelt til adelen som løn for ulike tenester. Nemninga ser ut til å ha kome i bruk på 1600-talet. Før den tida vart det same omtalt med ord som «räfst», «vederkännande av gods» eller «revocation».

Dei første kjende reduksjonane skjedde under formyndarskapen til Birger Magnusson i perioden 1290-1302. Dei siste større reduksjonar skjedde under kong Karl XI i 1655.

Det vart nytta ulike rettsgrunnlag for slik inndraging. Eigedom kunne inndragast dersom overdraginga kunne knytast til noko rettsstridig. Det var òg tilfelle av at «förbjudna orter», det vil seie område der godsa til krona ikkje kunne nyttast likevel, hadde vorte overdrege, og som då vart teke tilbake ved seinare høve. Eigedomar kunne òg inndragast dersom innehavarane ikkje hadde halde eigedomen ved like.

Ved dei store inndragingane på 1600-talet kom til slutt òg krav om at alt krongods som hadde vorte utskilt kunne takast tilbake. Som støtte for dette vart det sagt at: «konung inte ägde förminska rikets ingälder för sin efterträdare, utan att denne i så fall egde återkalla det avsöndrade».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]