Svenskegrensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenskegrensa

Svenskegrensa er den vanlege nemninga på landegrensa mellom Noreg og Sverige. Vasskiljet langs delar av dei skandinaviske fjella, gjerne kalla Kjølen, dannar store delar av den 1 630 kilometer lange grensa.[1] På norsk side ligg fylka Viken, Innlandet, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark langs svenskegrensa, mens på svensk side ligg Västra Götalands län, Värmlands län, Dalarnas län, Jämtlands län, Västerbottens län og Norrbottens län langs grensa.

Svinesundsbrua, her under bygging, er eit kjent grensekryssepunkt.

Europaveg 6 ved Svinesund og Riksveg 2/Riksväg 61 ved Morokulien er dei mest trafikkerte grenseovergangane. Andre viktige grenseovergangar er på Europaveg 18 ved Ørje og Europaveg 14 ved Meråker/Storlien.

Den noverande grenselinja mellom Noreg og Sverige vart trekt i 1751 under fredstida midt på 1700-talet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]