Sverdrupøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Sverdrupøya i Karaahavet
Svordrup.PNG

Sverdrupøya (russisk Остров Свердрупа; Ostrov Sverdrupa) er ei isolert øy i dei sørlege områda av Karahavet i Russland. Øya er dekt av tundravegetasjon. Ho ligg 120 km nord for Dikson på kysten av Sibir. Den næraste landområdet er Arktitsjeskij Institut-øyane, som ligg 90 km lenger nordaust.

Sverdrupøya er 15 km lang og opp mot 10 km brei. Ho har ei brei bukt som opnar mot vest. Havet omkring Sverdrupøya er dekt med pakkis og noko polynija om vinteren, og det er òg mykje isfjell om sommaren.

Øya må ikkje forvekslast med Sverdrupøyane, ei øygruppe i Queen Elizabeth-øyane, i Nunavut i Canada. Begge er derimot kalla opp etter den norske polfararen Otto Sverdrup.

Sverdrupøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°35′N 79°27′E