Den svenske riksdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sveriges riksdag)
Gå til: navigering, søk
Plenisalen i Riksdagshuset.

Koordinatar: 59°19′39″N 18°4′3″E Den svenske riksdagen (svensk Sveriges riksdag), ofte berre kalla Riksdagen, er den lovgjevande forsamlinga i Sverige. Det har eitt kammer og følgjer parlamentarismen. Det blir leia av ein talman (lik stortingspresident) som blir vald av riksdagen etter kvart riksdagsval. Den svenske riksdagen held til i Riksdagshuset i Stockholm.

Riksdagsval blir haldne andre søndagen i september kvart fjerde år. Arbeidsåret til riksdagen byrjer vanlegvis tredje tirsdagen i september med Riksmötets öppnande, men i valår skjer dette noko seinare.

Riksdagen har 349 medlemmer som sit i fireårsperiodar. For at eit parti skal kunna få plass i riksdagen, treng det ei oppslutting på minst fire prosent av stemmene, eller tolv prosent i minst ein valkrets. Mandatfordeling skjer ved Sainte-Laguë-metoden med innslag av utjamningsmandat.

Den svenske regjeringa går ut frå og er ansvarleg for riksdagen. Når ei ny regjering skal skipast rådfører talmannen seg med partileiarane og føreslår så ein statsminister som riksdagen stemmer over. Riksdagen kan reisa mistillitsforslag mot regjeringa eller enkeltstatsrådar. Ved mistillit kan statsministeren skriva ut nyval, bortsett frå i ein tremånadersperiode etter eit val. Desse ekstra vala innverker ikkje på dei vanlege fireårsperiodane.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Riksdagens planering inför ett beslut om extra val», riksdagen.se. Vitja 20. desember 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den svenske riksdagen
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.