Sverre Hassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sverre Hassel
SverreHassel.jpg
Sverre Hassel
Fødd 30. juli 1876, Oslo, Noreg
Død 6. juni 1928 (51 år)
Yrke polfarar og tollbestyrar

Sverre Helge Hassel (fødd 30. juli 1876 i Oslo, død 6. juni 1928) var ein norsk polfarar og i lag med Roald Amundsen av dei fem første til å nå Sørpolen.

Hassel drog til sjøs så snart han var gammal nok. 1898–1902 deltok Hassel på den andre «Fram»-ekspedisjonen under leiing av Otto Sverdrup. I utgangspunktet skulle dei freiste å segle rundt Grønland via Baffinbukta, i staden utforska dei nytt landet i det nordlege Canada, blant anna Ellesmereøya og Sverdrupøyane.

Hassel vart tildelt Sydpolsmedaljen

Saman med Helmer Hanssen vart Hassel plukka ut som driven sledekøyrar under Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen 1910–1912. Hassel var ein av dei fem første til å nå Sørpolen den 14. desember 1911 saman med Amundsen, Hanssen, Olav Bjaaland og Oscar Wisting.

Då Hassel vart eldre flytta han til Grimstad og jobba der som tollbestyrar. Sverre Hassel døydde i 1928 medan han var på besøk hos den gamle venen Roald Amundsen.

Hassel vart tildelt Sydpolsmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!