Sverre Sørsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverre Sørsdal (5. august 190021. mars 1996) var ein norsk boksar og lækjar fødd på Hamar. Han var olympisk sylv- og bronsemedaljevinnar i boksing i klassa lett tungvekt, og er ein av berre fire nordmenn som har vunne OL-medalje i boksing. For lækjarinnsatsen sin mottok han sidan Kongens fortenestmedalje i gull.

Sørsal representerte Noreg i boksing i tre olympiske leikar. I OL i 1920 fekk han sylvmedalje og i OL 1924 fekk han bronse, medan det vart fjerdeplass i klassa tungvekt i OL 1928. Han var òg to gonger noregsmeister i lett tungvekt, frå NM i 1920 og NM i 1924. Boksekarriera hans var attåtsyssel medan han studerte medisin ved Universitetet i Oslo og han boksa for Akademisk Boxe-Club. Seinare var han i fleire år overlækjar på Vardø Sjukehus. For innsatsen sin som lækjar vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5
  • Røyving, Egil: Klar ... boks! : erindringer om norsk boksing gjennom et århundre. Oslo : Norges bokseforbund