Sverre Stallvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Stallvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1927
Trondheim
Død

7. mars 2015 (87 år)
Trondheim

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1956

Sverre Stallvik (11. oktober 19277. mars 2015) var ein norsk skihoppar frå Trondheim som vart noregsmeister i 1955. Han var medlem i Byåsen Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stallvik slo seg inn i eliten av norske skihopparar i 1949-sesongen. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1950 og vart nummer to i 1953, då svensken Karl Holmström vann. Også i Holmenkollrennet vart han nummer to i 1953, bak overraskingsmannen Otto Austad. I 1955 vart Stallvik noregsmeister på Voss, 0,9 poeng føre Asbjørn Osnes.

I ski-VM 1954 i Falun vart Stallvik nr 17. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1955/56, og vart nummer 8 i opningsrennet i Oberstdorf. Til liks med heile den norske hopptroppen reiste han etter to renn heim til Noreg, for å trene til OL i Cortina d'Ampezzo. Under Vinter-OL 1956 vart han nummer ni og beste nordmann.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Nr 4 i Holmenkollen
  • 1950: Siger i Svenska skidspelen i Falun
  • 1951: Nr 4 i Holmenkollen
  • 1952: Nr 13 i Holmenkollen
  • 1953: Nr 2 både i Holmenkollen og Svenska skidspelen i Falun
  • 1954: Nr 17 i VM i Falun
  • 1955: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1955/56: Nr 9 i OL i Cortina d'Ampezzo. Nr 8 i Oberstdorf

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]