Sverre Stensheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverre Malvin Stensheim (fødd 31. oktober 1933) i Oppdal er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han tevla i alle år for IL Snøhetta. Stensheim vann femmila i Holmenkollen tre år på rad; i 1959, 1960 og 1961. Berre Lauritz Bergendahl (1912-15) og Thorleif Haug (1918-1921) har makta det same. Stensheim vann også 50 km i Lahti i 1962.

Stensheim lukkast ikkje heilt i dei store meisterskapa. I OL 1960 i Squaw Valley vart han nummer ti på 50 km og nummer 20 på 30 km. OL 1964 i Innsbruck vart han nummer elleve på 30 km og kom på femte plass på 50 km. Svensken Sixten Jernberg vann 50 km føre landsmannen Assar Rönnlund, medan Harald Grønningen og Ole Ellefsæter kom på plassane bak Stensheim. Grønningen meiner dei norske løparane smurte seg vekk, ettersom det ikkje vart solskin den dagen.

Stensheim deltok i fire verdsmeisterskap; i 1954, 1958, 1962 og 1966. Hans beste VM-plassering var ellevteplass på 50 km i VM 1962 i Zakopane.

Stensheim vart noregsmeister to gonger, begge på 30 km, i 1959 og i 1960. Han vann elles ni sølvmedaljar i NM; fem på 50 km, tre på 30 km og ein på 15 km. I tre NM-renn hamna han på bronseplassen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Nr 13 på 15 km i Holmenkollen
  • 1957: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 14 på 15 km i Holmenkollen
  • 1959: Vinnar av 50 km i Holmenkollen
  • 1960: Vinnar av 50 km i Holmenkollen, nr 2 på 50 km i Lahti. Nr 10 på 50 km i OL i Squaw Valley
  • 1961: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nr 3 på 15 km i Lahti
  • 1962: Vinnar av 50 km i Lahti. Nr 11 på 50 km i VM i Zakopane
  • 1963: Nr 2 på 50 km i Lahti
  • 1964: Nr 5 på 50 km i OL i Innsbruck. Nr 3 på 15 km i Lahti
  • 1965: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen
  • 1966: Nr 13 på 50 km i VM i Oslo

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Nr 8 på 15 km på Kongsvinger
  • 1955: Nr 7 på 50 km i Trysil
  • 1956: Sølvmedalje på 50 km på Raufoss
  • 1959: Gullmedalje på 30 km på Gjøvik
  • 1960: Gullmedalje på 30 km i Nedre Eiker, og sølvmedalje på 50 km på Fåberg
  • 1961: Sølvmedalje på alle tre NM-distansane, to gjekk på Røros, femmila i Trondheim
  • 1962: Sølvmedalje på 50 km i Molde, sølv og bronse på høvesvis 30 km og 15 km i Skien
  • 1963: Gullmedalje på femmila i Kristiansand
  • 1964: Nr 5 på femmila i Bærum
  • 1965: Sølvmedalje på 30 km på Fåberg, og bronse på 50 km i Bærum
  • 1966: Sølvmedalje på 50 km på Rena
  • 1967: Nr 4 på 50 km på Mo i Rana
  • 1968: Nr 9 på 50 km på Hønefoss
  • 1969: Bronsemedalje på 50 km i Alvdal

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1959 og Holmenkollmedaljen i 1960.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar