Sverre Wilberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Wilberg
Fødd24. desember 1929
FødestadFredrikstad i Østfold
Død19. juli 1996 (66 år)
DødsstadOslo
Verka somSkodespelar

Sverre Wilberg (fødd 24. september 1929 i Fredrikstad, død 19. juli 1996 i Oslo av kreft) var ein norsk skodespelar som er mest kjend frå rolla si som kriminalinspektør Hermansen i Olsenbanden-filmane. Han var ein stor del av karrieren sin tilsett ved Det norske teatret.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Wilberg vart utdanna ved det kongelege akademiet for drama Royal Academy of Dramatic Art i London mellom 1953 og 1955, og var tilsett ved Trøndelag Teater frå 1955 til 1958. Deretter hadde han oppgåver ved Folketeatret, Chat Noir, Oslo Nye Teater og Fjernsynsteatret. Frå 1971 var han ved Det norske teatret, der han spelte i fleire komediar som blant anna Pære i Ein midtsommernattsdrøm og som Amor i Geir Sveaas si oppsetning av Holberg sin Ulysses von Itachia. Han har òg spelt i realistiske stykke som blant anna direktøren i Stiftelsen av Antonio Buero Vallejo, fleire Brecht-karakterar, samt klassikaroppgåver som Kreon i Evripides sin Medea. På 1980-talet gjorde han seg merka som Gud i Goethe sin Faust og som Claudius i Hamlet.

Wilberg virka 42 år i norsk teaterliv, og dei siste 25 åra var han knytt til Det Norske Teatret der han spelte meir enn 100 ulike roller

Film og TV[endre | endre wikiteksten]

Wilberg filmdebuterte i 1959 i 5 loddrett, og har ved sidan av rolla som Hermansen i 12 Olsenbanden-filmar, spelt i Smuglere (1968), Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe (1970) og Kamilla og tyven (1988). Han hadde den siste filmrolla si i Markus og Diana frå 1996. På TV har han blant anna vore å sjå i eit par gjesterolle i komiserien Mot i brøstet. Han var òg med i episoden Vinterferie av komiserien Fleksnes fataliteter. Episoden har likevel aldri vorte vist på TV, men er tilgjengeleg på DVD. Mot i brøstet-episoden I Søtaste Laget som Sverre Wilberg spelte doktor i, har seinare vorte tileigna han.

Filmografi (film og TV)[endre | endre wikiteksten]

År Film Rolle
1996 Markus og Diana Kelner
1996 Mot i brøstet (TV-serie) Doktor
1988 Kamilla og tyven Kelner
1984 ... men Olsenbanden var ikke død! Hermansen
1982 Olsenbandens aller siste kupp Hermansen
1981 Olsen-bandens flugt over plankeværket Nordmenn
1981 Olsenbanden gir seg aldri Hermansen
1979 Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder Hermansen
1978 Olsenbanden + Data-Harry sprenger verdensbanken Hermansen
1977 Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet Hermansen
1976 Bør Børson II Ivar Zolen
1975 Olsenbandens siste bedrifter Hermansen
1975 Min Marion Fotografen
1974 Olsenbanden møter Kongen & Knekten Hermansen
1974 Bør Børson Jr. Ivar Zolen
1973 To fluer i ett smekk Streken
1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok Hermansen
1972 Når villdyret våkner Colonel
1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry Hermansen
1970 Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe … Politibetjent
1969 Operasjon Egon Hermansen
1968 De ukjentes marked
1968 Bare et liv - historien om Fridtjof Nansen
1968 Smuglere
1968 Sus og dus på by'n Bilhandleren
1968 Mannen som ikke kunne le
1967 Martha Skipsreder Amundsen
1966 Før frostnettene
1964 Klokker i måneskinn
1963 Vildanden Lakei
1959 5 loddrett Hovmester

Andre roller[endre | endre wikiteksten]

Han har òg ei rolle i høyrespelet God aften, mitt navn er Cox: Den lille heksen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]