Svetlogorsk i Kaliningrad oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svetlogorsk
Светлогорск
Byvåpenet til Svetlogorsk
Byvåpenet til Svetlogorsk


Plassering
Svetlogorsk i Kaliningrad oblast is located in Russland
Svetlogorsk i Kaliningrad oblast is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Først nemnd i 1258
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

11 054
Koordinatar 54°56′00″N 20°09′00″EKoordinatar: 54°56′00″N 20°09′00″E
Høgd over havet 41 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40153
Nettstad: www.svetlogorsk-admin.ru/

Svetlogorsk (russisk Светлого́рск, tysk Rauschen, litauisk Raušiai) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 35 km nordvest for Kaliningrad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stranda i Svetlogorsk i juni.

Svetlogorsk ligg i den historiske regionen Samland i Aust-Preussen. Ein gammelprøyssisk fiskarlandsby kalla Ruse-moter (tyder kjeller-området) på staden der Svetlogorsk ligg i dag vart første ogng nemnd i 1258. Den tyske riddarordenen erobra gradvis landet og forvrengte namnet til Rause-moter, Raushe-moter og til slutt; Rauschen.

Tidleg på 1800-talet var staden ein fasjonabel tysk feriestad. 24. juni 1820 vart det offisielt anerkjend som kurstad. Bygginga av Königsberg-banen i 1900 auka populatiteten til feriestaden. Ein kabelbane og ein galoppbane vart bygt i Rauschen før den andre verdskrigen.

I 1945 vart Rauschen erobra av Sovjetunionen. Byen vart ein del av Kaliningrad oblast og i 1946 vart bynamnet endra til Svetlogorsk.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Han er i dag ein populær sommerferiestad på grunn av sine strender, spa, klubbar og attraksjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svetlogorsk i Kaliningrad oblast

Kjelder[endre | endre wikiteksten]