Svinesundsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svinesundsbrua
Svinesundbrua.JPG
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Ringdalsfjorden
Veg E6
Stad Halden i NoregStrömstad i Sverige
Utforming Bogebru
Materiale Betong
Lengste spenn 247 m
Total lengd 704 m
Breidd 28 m
Høgd 92 m
Seglingshøgd 55 m
Byggherre Statens vegvesen og Trafikverket
Arkitekt Lund Slaatto Arkitekter AS
Konstruksjonsmetode Fritt frambygg
Påbegynt 2003
Opna 10. juni 2005

Svinesundsbrua (svensk Svinesundsbron) er ei motorvegbru over sundet Svinesund, som her er grensefjord mellom Noreg og Sverige, og soleis òg yttergrense for Den europeiske unionen (EU). På norsk side ligg Halden kommune i Østfold fylke og på svensk side Strömstad kommune i Västra Götalands län. Koordinatar: 59°5′39.926″N 11°15′7.1064″E

E6 går over Svinesundsbrua, og er hovudvegen mellom Noreg og Sverige og for trafikk vidare nedetter kontinentet. Då den første Svinesundsbrua blei opna i 1946 hadde ho totalt rundt 10 500 køyretøypasseringar. I 2000-åra hadde talet stige til rundt det dobbelte kvart døgn, inkludert tungtrafikk.[1] Ei ny bru tilpassa dette vart opna i 2005.

Den gamle og den nye Svinesundsbrua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svinesundsbrua og den tilstøytande vegstrekninga avløyste den gamle Svinesundsbrua frå 1946, som ikkje stetta nyare krav til eit hovudvegsamband mellom Noreg og Sverige. Opninga av den nye brua skulle etter planen gå føre seg 7. juni 2005, til 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga, men vart flytta til 10. juni 2005 slik at dei norske og svenske kongehusa kunne vere til stades samstundes. Med opninga av den nye brua fekk den gamle namnet Gamle Svinesundsbrua, medan den nye overtok namnet Svinesundsbrua. På svensk heiter bruene «Gamla Svinesundsbron» og «Svinesundsbron».

Dagen etter opninga gjennomførte Strömstad Löparklubb og Halden Skiklubb «Svinesundsløpet» over Svinesundsbrua. Etter at ho vart opna for biltrafikk 12. juni vart brua stengt for fotgjengarar.

Kostnadar og finansiering[endre | endre wikiteksten]

Byggjekostnadane er rekna til 675 millionar svenske kronar eller 616 millionar norske kronar, og skal i sin heilskap nedbetalast med bompengar over inntil 20 år.

Bomstasjonane ved både den nye brua og den gamle brua vart sette i drift 1. juli 2005, slik at det ikkje skulle vera mogleg å sleppe bompengar ved å køyre gamlevegen. Avgifta for ei passering er 20 NOK (23 SEK) for køyretøy under 3,5 tonn og 100 NOK (115 SEK) køyretøy over 3,5 tonn. Pendlarar kan få rabatt ved å nytte det norske betalingsbrikkesystemet AutoPASS.[2] Fram til 1. mai 2006 var passeringar på den gamle brua i retning frå Noreg til Sverige avgiftsfrie. Tunge køyretøy med tillate totalvekt over 3,5 tonn har ikkje lengre løyve til å bruke den gamle brua, bortsett frå når det gjeld linetrafikk og turistbussar.

Konstruksjonen[endre | endre wikiteksten]

Tilfartsbruene er bygd som bjelkebruer, der overbygginga med køyrebanen er understøtta av totalt 5 pilarar. Overbygginga består av to 11 m breie stålkassar som er bunde til kvarandre med tverrberarar.

I midtdelen av brua er overbygginga opphengd i ein einaste berande betongboge ved hjelp av vertikale kablar festa til horisontale stivarar mellom brubanane. I tillegg er brubanane kopla direkte til bogen på båe sider, for å oppnå stabilitet sidevegs.

Sjølve bogen er hol innvendig. For å kunne gjere inspeksjonar av brua er det innvendige trapper gjennom heile bogen, og luker direkte inn mot stålkassane som ber køyrebanane. Det er installert avfuktingsanlegg for å hindre korrosjon. I dei vertikale kablane som ber brubana er det festa nokre sensorar som måler dynamiske spenningar og krefter i konstruksjonen.

Byggjemetode[endre | endre wikiteksten]

Her vert dei to bogehalvdelane kopla saman

Bogebrua er bygd etter ein spesiell variant av «fritt frambygg»-metoden. Det vart fyrst bygd høge hjelpetårn på båe sider av fjorden, og kablar frå desse tårna vart mellombels kopla direkte til «fritt fram»-delen etter kvart som bogen vart støypt ut frå kvar side av fjorden. Slik vart dei to halvpartane av bogen haldne oppe fram til bogen var ferdig støypt over heile sundet og stod av seg sjølv. Støypevogna var festa til ei linebane som gjekk mellom hjelpetårnane. Hjelpetårna vart tekne ned etter at bogen var ferdigstøypt.

Bogen er solid festa til grunnen på båe sider. På nordre delen var fjellet oppsprukke, så der måtte ein bore hol ned til 12 meter djupne, for so å tette att med betong.

Heile midtre del av overbygginga (køyrebana) vart lyfta opp frå eit lasteskip i sundet og montert direkte.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Svinesundsbrua fekk Vägverkets Vackra Vägars Pris den 23. oktober 2007. Brua blei rosa for si rolle som landemerke med kjensle for staden og landskapet rundt.[3]Brua vart heidra med Betongtavlen i 2006. [4]

Den gamle Svinesundsbrua[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den gamle Svinesundsbrua.
Den gamle Svinesundsbrua
Den gamle Svinesundsbrua, sett frå Sverige

Den gamle Svinesundsbrua, som vart innvigd i 1946, avløyste ei ferje som hadde gått over sundet. Den totale lengden på brua er 420 meter, og lengste spenn er 155 meter. Største høgde over fjorden er 65 meter. Hovudspennet er bygd som ei bogebru med underliggjande boge i betong. Sidespenna er bygd som viadukter og føreblenda med granitt.

Brua hadde ulike namn på norsk og svensk side, I Noreg hadde brua det offisielle namnet «Brunr. 1-109 Svinesund», medan det svenske namnet var «Bro 06 över Idefjorden vid Svinesund (Svinesundsbron) i Strömstad på väg E6». På folkemunne var namnet berre «Svinesundbrua» og «Svinesundsbron».

Bygginga av brua starta i 1939. Då Tyskland invaderte Noreg i april 1940 vart situasjonen i området særs spent, og byggjearbeidet vart midlertidig stoppa. Arbeidet vart imidlertid teke oppatt etter nokre vekers avbrot, og planen var å opne brua for trafikk i laupet av 1942. Den 7. juli 1942 fann det stad ein eksplosjon som råka delar av dei ferdige brukvelva. Det vart aldri oppklart om det var ei ulukke eller sabotasje. Bygginga vart då innstilt og ikkje teke oppatt før krigen var over. Brua vart ferdigstilt og offisielt opna 15. juni 1946.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svinesundsbrua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historikk ved statsbygg.no
  2. Pris/Rabatt (01.06.2007) ved svinesundsforbindelsen.no
  3. Svensk vegpris til Svinesundsbrua ved vegvesen.no
  4. Betongtavlen 1961-2008 frå Betong.net