Svithun av Winchester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svithun av Winchester

Føddca. 800
FødestadHampshire
Daud2. juli 863
DødsstadWinchester
Yrkekatolsk prest, katolsk biskop
Helgendag15. juli

Svithun (fødd kring år 800 (etter 802?) i Wessex i England, død 2. juli 862) var ein angelsaksisk biskop av Winchester. Kort tid etter at han døydde vart han utpeika som helgen av den katolske kyrkja. Han vert difor ofte omtala som Den heilage Svithun, eller Sankt Svithun. Namnet kan òg verta stava Swithun eller Swithin. Minnedagen hans er 2. juli i den katolske kyrkja og 15. juli i den anglikanske kyrkja. I Noreg går minnedagen under namnet syftesok.

Reinald kryssa Nordsjøen omkring 1125 og grunnla Stavanger bispedøme. Nokre meiner at Reinald hadde med seg eit armbein frå Svithun som eit relikvie. Reinald vart den fyrste biskopen av Stavanger, og hans store prosjekt var bygginga av Stavanger domkyrkje. Domkyrkja vart vigd til St. Svithun. St. Svithun vart vernehelgen for Stavanger by. Stavanger kan bli omtalt som St. Svithuns by, og den katolske kyrkja i byen heiter St. Svithun kirke.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.