Svitjaz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Svitjaz | |
| innsjø | |
| Land | |
|---|---|
| stad | Sjatsk nasjonalpark, Sjatskyj rajon, Volyn oblast |
| - koordinatar | |
| Lengd | 9,3 km |
| Breidde | 8 km |
| Djupne | 6,9 m |
| - Største djupne | 58,4 m |
| Volum | 180 000 000 m³ |
| Areal | 25,2 km² |
| Øyar | 1 (7 ha) |
| Wikimedia Commons: Lake Svitiaz | |
Svitjaz (ukrainsk Світязь) er den djupaste innsjøen i Ukraina med ei djupne på 58,4 meter på det meste. Han er den nest største innsjøen i landet og høyrer til Sjatskyjsjøane som ligg i Polissja (Volyn oblast) heilt nordvest i Ukraina, nær grensa til Polen og Kviterussland. Innsjøen er ein del av Sjatsk nasjonalpark (Sjatsk rajon, Volyn oblast). Midt i innsjøen ligg ei øy på sju hektar. Innsjøen dekkjer eit areal på 25,2 km², og har ei middeldjupne på 6,9 m. Sikta i vatnet er 8 meter. Innsjøen er 9,3 km lang og 8 km på det breiaste. Volumet er 180 millionar m³.
Innsjøen vert varm om sommaren og det reine vatnet og den sandete botnen gjer at han er ein særs populær badeplass.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Svitiaz» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.