Svolvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svolvær
By
Svolvær sett frå Hurtigruta.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vågan
Del av Lofoten
Areal 2,36 km²
Folketal 4 736  (2023)
Folketettleik 2 007 / km²
Postnummer 8300 SVOLVÆR
Innbyggjarnamn svolværing
Preposisjon i Svolvær
Kart
Svolvær
68°13′0″ N 14°34′0″ E
Wikimedia Commons: Svolvær

Svolvær (norrønt Svǫlver, kanskje av svalr, ‘sval, kjølig’ eller samisk soulu, og ver, ‘fiskevær’)[1] er ein by og administrasjonssentrum i Vågan kommune i Lofoten.

Svolvær, hamna og hamnepromenaden

Tettstaden har om lag 4 100 innbyggjarar. Svolvær var tidlegare ein bykommune, men vart slegen saman med Vågan og Gimsøy kommunar til Vågan kommune i 1964. Svolvær fekk attende bystatusen sin 17. mai 1996.

Byen har daglege vitjingar av Hurtigruta og dagleg avgang med snøggbåtruta Nordlandsekspressen til Bodø, og enkelte dagar også til Narvik.

Kjende personar frå Svolvær[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thorsnæs, Geir (8. juni 2020). «Svolvær – tettsted og administrasjonssenter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
Spire Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.