Swaminarayan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Swaminarayan skriv hovudverket sitt Shikshapatri. Skulptur frå Swaminarayan-tempelet i Bhuj.

Sahajananda Swami (17811830) eller Swaminarayan var ein framståande heilag mann innan vaishnavatradisjonen i hinduismen. Han la grunnen for ei ny hindurørsle som legg vekt på eit sunt, balansert og vegetarisk levesett[1] med stor omtanke for velferda til familien. Swaminarayan er kjend for å ha innført reformar til fordel for fattige og kvinner. Han blei rekna for å ha utført mirakel, utførte store brennoffer (yagna), bygde seks tempel og utnemnde 500 disiplar (paramhansa). Swaminarayan var følgd av rundt 1,8 millionar tilhengjarar då han døydde. I 2007 hadde rørsla hans rundt 20 millionar tilhengjarar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. New vegetarians, om Sahajananda Swami
  2. Niche Faiths, Indian Express, 2007-05-26, http://www.indianexpress.com/news/niche-faiths/31939/4, henta 2013-10-19 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Swaminarayan
Spire Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.