Swansea Bay

Koordinatar: 51°35′N 3°54′W / 51.583°N 3.900°W / 51.583; -3.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swansea Bay sett frå Townhill

Swansea Bay (walisisk Bae Abertawe) er ei bukt i Bristolkanalen på sørkysten av Wales. Av stader ved bukta finn ein Mumbles, Swansea og Port Talbot. River Neath, River Tawe, River Afan og Blackpill munnar alle ut i bukta.

Swansea Bay (og alle øvre delar av Bristolkanalen) har ein av dei største tidvasskilnadane i verda med ein maksimal skilnad på om lag 10 meter.[1] I Swansea Bay ligg hamnene Swansea Docks, Port Talbot Docks og Briton Ferry-kaien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Østersfiske var ein gong ein viktig industri i Swansea Bay, med over 600 tilsette på det meste i 1860-åra. Overfiske, sjukdom og forureining utrydda østersbestanden før 1920. I 2005 vart det kunngjort planar om å opprette østersoppdrett i bukta.[2]

Strender[endre | endre wikiteksten]

Langs bukta ligg fleire sandstrender. Kvar strand har sitt eige namn:

  • Aberavon Beach
  • Baglan Bay
  • Jersey Marine Beach
  • Swansea Beach
  • Mumbles Beach
Bracelet bay, Mumbles og Swansea bay, sett frå Mumbles fyrstasjon

Forureining[endre | endre wikiteksten]

Dei siste to tiåra av 1900-talet vart bukta øydelagd av forureining, delvis frå omliggande tungindustri og delvis frå kloakkutslepp. Dei naturlege havstraumane i området gjorde òg at forureininga ikkje vart frakta bort frå bukta. Rundt 1996 stoppa kloakkutsleppa, som i staden vart lagt i røyr til eit kloakkreinseanlegg nær Port Tennant. Dette har ført til stor betring i vasskvaliteten i bukta.

Kraft[endre | endre wikiteksten]

Sidan Swansea Bay har så kraftige tidvasstraumar er det lagt fram planar om tidvasskraftverk her.[3]. I tillegg er det planlagt ein vindmøllepark uti bukta.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

51°35′N 3°54′W / 51.583°N 3.900°W / 51.583; -3.900