Swazi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Swazli
(SiSwati)
Klassifisering: Niger-kongo-språk
 Atlantisk-kongo-språk
  Benue-Kongo
   Bantoid
    Sør-bantoid
     Bantu
      Sør-bantu
       Nguni
        Tekela
Bruk
Tala i: Swaziland, Sør-Afrika, Lesotho, Mozambique
Swazlitalande i alt: 2 034 000 (2006) [1]
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-1: ss
ISO 639-2: ssw
ISO 639-3: ssw
Wikipedia på swazli
Geografisk utbreiing av Swazi i Sør-Afrika – kor stor del av folket som snakkar swazi som heimespråk.
██ 0–20% ██ 20–40% ██ 40–60% ██ 60–80% ██ 80–100%
Geografisk utbreiing av Swazi i Sør-Afrika – tettleik av morsmålsbrukarar.
██ <1 /km² ██ 1–3 /km² ██ 3–10 /km² ██ 10–30 /km² ██ 30–100 /km² ██ 100–300 /km² ██ 300–1000 /km² ██ 1000–3000 /km² ██ >3000 /km²

Swazi eller swati – på swazi: siSwati er eit bantuspråk i Nguni-gruppa som blir tala av swazifolket i Swaziland og Sør-Afrika. Nær ein million menneske i Swaziland og vel ein million i Sør-Afrika talar swazi. [2]

Sjølv om dei swazitalande kallar språket sitt siSwati, har vi henta språknamnet swazi frå zulu. Swazi er nærskyld med nguni-språka phuthi; zulu, sør-ndebele, nord-ndebele og xhosa.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Det blir undervist i swazi i skular i Swaziland og i nokre skular i Mpumalanga og KaNgwane-området i Sør-Afrika. Swazi er offisielt språk i Swaziland, ved sida av engelsk, og er også eit av elleve offisielle språk i Sør-Afrika. Språkbrukarane kan i stor grad lese og skrive språket.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Swazi tala i Swaziland (eSwatini) kan delast i tre dialektar; baca, hlubi og phuthi. Standard swazi blir hovudsakleg brukt nord i språkområdet, og det er denne dialekten som skal ha størst prestisje.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

[3]

  Labial Dental Alveolar Alveolar
Lateral
Palatal
(-alveolar)
Velar Glottal
Nasal m   n   ɲ ŋ  
Lukkelyd pʰ pʼ b ɓ   tʰ tʼ d      kʰ kʼ g ɠ  
Affrikat     ts  dz     tʃʼ dʒ     
Frikativ f  v   s  z ɬ  ɮ ʃ  ʒ   h  ɦ
Approksimant       l j w  
Klikkelydar   ǀ ǃ        

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

I swazi er substantiva samansett av to delar, eit prefiks og ein ordstamme. Ut frå prefiksa kan vi gruppere substantiva i ulike klassar.

Klasss Eintal Fleirtal
1/2 um(u)-1 ba-, be-
1a/2a Ø- bo-
3/4 um(u)-1 imi-
5/6 li- ema-
7/8 s(i)-2 t(i)-2
9/10 iN-3 tiN-3
11/10 lu-, lw-
14 bu-, b-, tj-
15 ku-

1 umu- erstattar um- einstavingsstammar, som t.d. umuntfu (person).

2 s- og t- erstattar si- and ti- framfor stammar som begynner med vokal, som sandla/tandla (hand/hender).

3 The placeholder N in the prefixes iN- and tiN- for m, n or no letter at all.

Ord[endre | endre wikiteksten]

Nokre døme på ord og setningar:

Norsk Swazi
Velkommen Sondzela
Takk Siyabonga
Goddag / hallo Sawubona
Røyking forbode Akubhenywa
Ingen tilgang Akungenwa
Pass opp! Caphela!
Lykke til med fødselsdagen Lusuku lwekutalwa loluhle
God jul og godt nyår Khisimusi lomuhle kanye neMnyaka lomusha lonenjabulo


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue
  2. Tal frå Ethnologue
  3. Su-I Chen and Gloria Malambe, Palatalization in SiSwati: An Optimality Theoretic Approach, in Maddieson & Hinnebusch (eds.), Language History and Linguistic Description in Africa (1998), p. 138