Sweet Jane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sweet Jane
Singel av The Velvet Underground
frå albumet Loaded
Innspelt 1970
Sjanger Rock
Lengd 4:09
Selskap Cotillion/Atlantic
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Geoff Haslam,
Shel Kagan og
The Velvet Underground

«Sweet Jane» er ein song av The Velvet Underground, opphavleg på albumet Loaded frå 1970. Songen er skriven av frontmannen Lou Reed, som sidan spelte songen mykje på solokonsertane sine.

Loaded kom ut i 1970 var mellomspelet på songen redigert bort. Den fulle versjonen finst i boksen Peel Slowly and See og nyutgåva av Loaded: Fully Loaded Edition.

Songen finst òg på albuma Live at Max's Kansas City; 1969: The Velvet Underground Live; Peel Slowly and See; Live MCMXCIII; Loaded: Fully Loaded Edition; American Poet; Rock 'n' Roll Animal; Live: Take No Prisoners; Live in Italy; The Concert for the Rock and Roll Hall of Fame; Rock and Roll: an Introduction to The Velvet Underground; NYC Man (The Ultimate Collection 1967–2003); Live on Letterman: Music from The Late Show og Berlin: Live At St. Ann's Warehouse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første versjonen av «Sweet Jane» vart gjeven ut tidleg i 1970 og finst òg på Loaded: Fully Loaded Edition. I 1974 vart ein tidlegare neddempa kosnertversjon spelt inn i 1969 gjeven ut på 1969: The Velvet Underground Live. Eit anna konsertopptak med lengre intro vart spelt inn i desember 1973 på Reed sitt Rock 'n' Roll Animal, som kom ut i 1974.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre son har spelt songen er The Kooks, Jim Carroll Band, Red Hot Chili Peppers og Lou Reed i lag med Metallica.

Rangeringar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 335. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.

I mars 2005 plasserte Q «Sweet Jane» på 18. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane.

Guitar World rangerte «Sweet Jane» på 81. plass på lista si over dei 100 største gitarsoloane[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.teenagewildlife.com/wcgi-bin/dcinfo.wcgi?date=19720708
  2. "Cowboy Junkies" Radio 4 Woman's Hour. BBC (29 januar 2007)
  3. 100 Greatest Guitar Solos (rangert av lesarane av Guitar World)