Swona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Swona
Geografi
Swona is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°45′ N 3°3′ WKoordinatar: 58°45′ N 3°3′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 0,92 km²
Høgaste punkt Warbister Hill (41 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Demografi
Folketal 0

Swona er ei folketom øy i Pentland Firth utanfor nordkysten av Skottland.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Swona, sett frå South Ronaldsay.
På veg mot nordenden av Swona. Ein kan sjå fleire hus på øya.

Swona er den nordlegaste av dei to øyane i Pentland Firth mellom Orknøyane og Caithness på det skotske fastlandet. Ho ved det sørlege innløpet til Scapa Flow, vest for South Ronaldsay.

Øya ligg i den kraftige tidvasstraumen i Pentland Firth, som er kraftig på både nord- og sørsida av øya. Straumen er tydeleg store delar av døgnet med straumsjø og malstraumar. Ein kan òg få store dønningar etter uvêr.

Swona er om lag 2 km lang og 800 meter brei. Det høgaste punktet på øya ligg 41 meter over havet og ho har eit areal på 0,92 km². Øya består av gammal raud sandstein med klipper på austsida.[1]

Administrativt høyrer øya til Orknøyane, medan Stroma, i sør høyrer til Highland (tradisjonelt ein del av Caithness). Det er ingen båtsamband til øya.

I 2005 var Swona eigd av to bønder frå Orknøyane, men på grunn av vanskelege landingstilhøve er ho ikkje opparbeidd. Øya har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) med mange sjeldne planter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya har norrønt opphav, og Svíney eller Swefney, tyder anten «Svinøy» eller «Sveinsøy» (etter Svein Asleifsson).[2][3]

Det er førhistoriske funn på øya,[1] samt restar etter nyare tids landbruk og busetnader. Øya var busett frå rundt 500 f.Kr. og fram til 1974.

Det vart bygd båtar på øya i mange år. Den siste av desse, «Hood», ligg oppå grusstranda ved landgangsplassen. Båten har eit hol i sida og kan ikkje lenger nyttast.

Det ligg mange skipsvrak rundt øya på grunn av dei sterke straumane i Pentland Firth. I 1931 forliste eit 6000 tonn dansk frakteskip, «Pennsylvania», ved øya.

Swona Minor fyr vart bygt i 1906 på sørvestenden av Swona. Det var opphavleg eit støypejernstårn, men vart erstatta av eit forsterka betongtårn i 1980-åra. Det tidlegare Stroma fyr var bygt i 1896 og står på nordenden av Stroma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Overview of Swona - Gazetter for Scotland
  2. «The Orkney Vikings». http://www.orkneyguide.com/ogbpdf/Vikings.pdf. Henta 22. mars 2010. 
  3. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9