Swordfishtrombones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swordfishtrombones
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve September 1983
Innspelt August 1982, Sunset Sound i Hollywood
Sjanger Rock, blues, eksperimentell musikk
Lengd 40:31
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
One From the Heart
(1982)
Swordfishtrombones Rain Dogs
(1985)


Swordfishtrombones er eit kritikarrost musikkalbum av Tom Waits frå 1982/1983.

For dette albumet gjorde Waits fleire drastiske endringar. Han kvitta seg med manageren sin, tok sjølv over rolla som produsent og skifta plateselskap til Island Records. Dette gav Waits ein større kunstnarisk fridom som i aukande grad skulle sette sitt preg på dei seinare platene hans.

Swordfishtrombones flytta seg i ein annan retning enn dei tidlegare albuma, som hadde piano- og strykearrangement, og Waits nytta i staden uvanleg instrumentering og ein meir abstrakt måte å skrive songane på. Det vart nytta blåseinstrument, bassinstrument og perkusjon i eit sparsamt arrangement. Musikken vart meir primitiv med stundom rare taktartar. Tekstane fokuserte meir på surrealistiske historier om personar som til dømes brenn ned heimane sine eller australske byar som toget ikkje stoppar i, og i langt mindre grad om drukkenboltar og folk som er forlatne av den dei elskar.

Sjølv om det var enkelte spor av eit slikt lydbilete på Heartattack and Vine, det førre studioalbumet frå 1980, var det ingen som hadde venta ei slik vending i Waits si låtskriving, og Waits hadde vanskar med å få noko plateselskap til å distribuere plata. Derfor tok det over eit år frå plata var spelt inn i august 1982 til ho vart gjeve ut i september 1983. Plata fekk gode kritikkar då ho kom ut, men selde ganske dårleg. Ho kom seg likevel akkurat inn på botn av salslistene, og sidan Waits no var på eit europeisk plateselskap vart albumet òg det første som akkurat kom seg inn på albumlistene der. Swordfishtrombones nådde 164. plass på den amerikanske billboardlista.

I 1989 utropte Spin Magazine Swordfishtrombones til det nestbeste albumet gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor er skriven av Tom Waits.

  1. «Underground» – 1:58
  2. «Shore Leave» – 4:12
  3. «Dave the Butcher» (instrumental) – 2:15
  4. «Johnsburg, Illinois» – 1:30
  5. «16 Shells from a Thirty-Ought-Six» – 4:30
  6. «Town with No Cheer» – 4:22
  7. «In the Neighborhood» – 3:04
  8. «Just Another Sucker on the Vine» (instrumental) – 1:42
  9. «Frank's Wild Years» – 1:50
  10. «Swordfishtrombone» – 3:00
  11. «Down, Down, Down» – 2:10
  12. «Soldier's Things» – 3:15
  13. «Gin Soaked Boy» – 2:20
  14. «Trouble's Braids» – 1:18
  15. «Rainbirds» (instrumental) – 3:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]