Syagrius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Afranius Syagrius (fødd 430 og daud 486 eller 487) var son av Aegidius, den siste romerske magister militum per gallias, eller romersk hærførar i Gallia. Etter at Vestromarriket fall, heldt han ved like ein romersk enklave i Soissons og eigna ikring. Han rådde her som Dux frå faren døydde i 464 til han vart slegen av frankarkongen Chlodovech i 486.

Etter Slaget ved Soissons flydde Syagrius til visigotarkongen Alarik II i Toulouse. Her vart han teken og sett i fengsel, og snart etter overgjeven til Chlodovech. Etter det Gregor av Tours skriv, vart han drepen i løynd med kniv i 487.

Dei germanske stammene mintest han som «romarkongen». Han var den siste frie romerske hovdingen i Gallia.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia
  • Gregor av Tours