Sydney Chapman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sydney Chapman (29. januar 188816. juni 1970) var ein britisk matematikar, matematisk fysikar og geofysikar.[1]

Chapman byrja universitetsstudiane sine i Manchester i 1904, 16 år gammal. I starten studerte han han til ingeniør, og tok òg ingeniørseksamen, men utvikla så stor interesse for matematikk han vart verande att eit år til for å ta eksamen i matematikk. Etter råd frå ein lærar i Manchester søkte han seg så til Trinity College ved Universitetet i Cambridge, som då vart rekna som det beste og mest krevjande lærestaden innan matematikk. Chapman tok den høgaste eksamenen i 1910 og starta ei forskingskarriere innan rein matematikk under G.H. Hardy. Same år vart han tilbydt å verte assistent for Frank Dyson ved Observatoriet i Greenwich. Frå 1914 til 1919 vendte Chapman tilbake til Cambridge som lektor i matematikk, frå 1919 til 1924 var han professor i matematikk i Manchester og flytta seinare til Imperial College i London. 1946 vart han professor ved Oxford universitet.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Chapmans gjorde størst innsats på området stokatiske prosessar, framfor alt markovprosessar. Chapman og russaren Andrej Kolmogorov formulerte kvar for seg dei grunnleggande likningane innan dette området, Chapman-Kolmogorov-likningane.

Chapman og den svenske fysikaren David Enskog vidareutvikla, igjen kvar for seg, den kinetiske gassteorien gjennom å utvide Boltzmannmetoden med det som vart kalla Chapman-Enskog-metoden.

Chapman gjorde òg ein del arbeid innan geofysikk. I 1930 forklarte han dei fotokjemiske mekanismane som skapar ozonlaget. Han studerte òg fleire andre geofysiske og astrofysiske fenomen innan aeronomi. Han var elles den som gav namn til faget aeronomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MacTutor Biography: Sydney Chapman