Sylfest Lomheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylfest Lomheim
Foto: Eirik U. Birkeland

Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010 var han direktør for Språkrådet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim har sidan 2004 vore direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tale er gull 2012
  • «Pilasteinen», ei skjønnlitterær forteljing for småbarn i Godnattboka - Leikanger i Sogn : Skald forlag 2007
  • Ord om ord : frå Amerika til Åmot - Oslo : Samlaget 2004 - 254 sider – Omslagstittel: Ordomord ISBN 82-521-6432-3
  • Språkteigen - Oslo : Samlaget 2002 - 262 sider - 2. opplag 2003 ISBN 82-521-6065-4
  • NTB utanriks : kunsten å gjenfortelja? - Kristiansand : Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag , 2001 - 56 sider : illustrert ISBN 82-7117-436-3
  • Skrifta på skjermen : korleis skjer teksting av fjernsynsfilm? Kristiansand : Høyskoleforlaget, 2000 - 159 sider : illustrert - Tekst i hovudsak på norsk. - 1. utgåve Kristiansand : Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag, 1998 ISBN 82-7634-266-3
  • Omsetjingsteori : ei elementær innføring - 2. utgåve - Oslo : Universitetsforlaget, 1995 - 179 sider - 1. utgåve 1989 ISBN 82-00-02736-8
  • Nynorsk i NRK frå A til Å - Oslo : NRK 1994 - 72 sider
  • Kva er språk? - Kristiansand : Agder distriktshøgskole 1988 - 46 blad - Undertittel på omslaget: Kort innføring i teori og terminologi ISBN 82-7117-207-7
  • Metaforanalyse og metaforomsetjing . - Kristiansand , 1984
  • Spørsmål til spørjetimen i Stortinget : ein språkleg analyse av form og funksjon - Kristiansand : Agder distriktshøgskole 1979 - 50 blad ISBN 82-7117-103-8
  • Stortingsspørsmålet 1961-1968 : en analyse av politisk kansellispråk - Oslo 1971

Omsetjingar

  • Ousmane, Sembène: Når røter losnar : to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. - Oslo : Samlaget , 1979 - 161 sider - (Orion-bøkene ; 228). - Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. - Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8
  • Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. - Oslo : Pax , 1977 - 149 sider - (Pax-bøkene) ; - Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4

Medforfattar

  • Hegge, Per Egil, Quizleis : 1001 spørsmål og svar om språk / Per Egil Hegge, Sylfest Lomheim, Helene Uri. - Oslo : Samlaget 2005 - 132 sider - ISBN 82-521-6631-8
  • Lande, Aasulv, Sjønna på Elbursfjell : Alexander Seippel - livet og livsverket / Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid. - Kristiansand : Høyskoleforlaget, 2001 - 190 sider : ill. - ISBN 82-7634-339-2
  • Matiku, Emmanuel, Cross-cultural communication : a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway / by Emmanuel Matiku and Sylfest Lomheim ; Research assistant : Letisia Warioba. - Kristiansand : Agder College, 1997 75 sider - (Research report / Agder College [and] Institute of Development Management Collaboration ; no. 14). - ISBN 82-7117-350-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]