Sylinderlinse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylinderlinse.

Ei sylinderlinse er ei linse der overflatene er sylinderflater med parallelle aksar, eller der den eine overflata er sylinderflate og den andre er plan. Sylinderlinser har same verknad som ei vanleg (sfærisk) linse når ein ser på strålar i eit plan vinkelrett på akseretningen, og same verknad som ei planparallell plate når ein ser på strålar i eit plan parallell med aksen. Dei blir nytta i optiske apparat der ein berre er interessert i å strekkje ut biletet i ei retning, til dømes for å sjå på spektrallinjer, interferensstriper og liknande.

Sylinderglass i briller[endre | endre wikiteksten]

Sylinderglas i briller er glas der den eine flata er sylinderforma, den andre sfærisk, eller der begge flatene er bua slik at ein oppnår same verknad som om ein kombinerer ei sylinderlinse og ei sfærisk linse. Sylinderglas blir brukt for å korrigere for astigmatisme i auget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]